Hopp til innhold

Dyra gjekk bananas før jordskjelvet

Orangutangane skreik og flamingoane stimla nervøst saman. Dyra i National Zoo i Washington såg ut til å merkja at fare var på ferde før jordskjelvet råka USA tysdag.

Gorillaen Mandara i National Zoo, Washington

Forfjamsa dyrepassarar var tysdag vitne til at den 28 år gamle gorillaen Mandara røska med seg babyen og heiv seg opp i eit klatrestativ. Først når skjelvet kom fleire sekund etter, forstod dei kvifor (arkivfoto).

Foto: Mehgan Murphy / AFP

Det kraftigejordskjelvet som tysdag råka austkysten i USA kom som lyn frå klår himmel på menneska der.

Men dyra i ein dyrehage i Washington D.C. såg ut til å sansa at noko var i gjære. Dyrepassarane fortel om unormal åtferd i minuttane før skjelvet kom, skriv Washington Post.

Skreik og flykta opp i høgda

Flamingoar i National Zoo

Flamingoane samla seg i ein stor flokk før skjelvet (arkivfoto).

Foto: HO / REUTERS

Den elles så rolege og bedagelege orangutangen Iris kom med høge, skrikande strupelydar før ho nervøst kravla seg inn i huset sitt.

Gorillaen Mandara brølte høglytt, grabba babyen sin og slong seg høgt opp i eit klatrestativ. Ein av elefantane kom med djupe snabellydar, som for å varsla dei andre elefantane om fare. Dei 64 flamingoane som held til i dyrehagen klyngja seg saman i ein nervøs flokk og øglene pilte i skjul.

Lemurane sende ut alarmerande hyl heile 15 minutt før bakken byrja å rista, ifølgje dyrehagen.

– Dyra ser ut til å sansa jordskjelv før dei råkar, seier dyrepassaren K.C. Braesch til Washington Post.

– Eg har høyrt historiar om det før, men dette er første gongen at eg har sett det med eigne auge, fortel ho.

Mysterium

Elefantar i National zoo

Ein av elefantane i dyreparken støytte ut ein djup trompetliknande lyd før bakken begynte å rista tysdag (arkivfoto).

Foto: JIM BOURG / REUTERS

Jordskjelvet målte 5.8 i styrke og var merkbart langs heile kysten frå Viriginia til Boston. Det fekk høgbygg til å svaia og skal ha vore det største jordskjelvet i regionen på fleire tiår.

Er dyra i stand til å registrera signal frå naturen som ikkje er merkbare for menneske. Og kor lenge i forkant kan dei eventuelt fanga opp slike signal?

Desse spørsmåla er og blir eit vitskapeleg mysterium, der harde fakta og reelle observasjonar er blanda med segn og mytar.

Ifølgje National Geographic kan det vera mogleg at einskilde dyrearter oppfattar lågfrekvente elektromagnetiske signal.

Natur-ekspertar påpeikar også at mange dyr har eit generelt meir sensitivt sanseapparat enn mennesket, og at dei difor kan merkja små vibrasjonar i jordskorpa.

Dyra rømte før tsunamien

Dette var uansett ikkje første gongen at folk har vore vitne til unormal åtferd hjå dyr like i forkant av eit naturfenomen eller ein naturkatastrofe.

Før tsunami-bølgja knuste inn over India og Sri Lanka i romjula 2004, rømde elefantane opp i høgda, hundane nekta å gå ut og flamingoane forlét lågtliggjande hekkeområde.

I Nord-Korea brukar styresmaktene dyr som jordskjelv-alarm. Blant faresignala som dei ber innbyggjarane vera merksame på er ustanseleg bjeffing og hestar som går amok på stallen.

SISTE NYTT

Siste nytt