Spydfiskar drepen av hai i Australia

Ein 28 år gammal mann frå Adelaide vart laurdag drepen av ein hai mens han fiska med spyd utanfor sørkysten av Australia.

Ein 28 år gammal mann frå Adelaide vart laurdag drepen av ein hai mens han fiska med spyd utanfor sørkysten av Australia.

Helikopter og båter lette laurdag etter mannen som vart angripen av hai utanfor Yorke-halvøya i Sør-Australia laurdag.

28-åringen dreiv med dykking og fiska med spyd saman med seks venner nær byen Edinburgh på Yorke-halvøya som ligg vest for Sør-Australias hovudstad Adelaide, skriv ABC News.

Laster Twitter-innhold

Augevitne har fortalt at dei såg at ein hai gjekk til åtak på dykkaren, ifylgje politiet i delstaten. Åtaket skjedde midt på dagen laurdag lokal tid.

Ulukka skjedde på Goldsmith-stranda, og politi og helikopter sette straks i gang søk etter haien med helikopter og båtar, men utan å finne spor av han.

Pakkar saman

Politiet åtvarar no turistar som har strøymt til strendene på Yorke-halvøya. Februar er midt i den varmaste tida i Australia, og mange turistar er i området.

Folk bør ikkje opphalde seg i vatnet no, åtvarar politiet. Ifylgje lokale medium pakkar no fleire turistar samen og forlèt området.

Laster Twitter-innhold

Australia har lenge vore eit av verdas farlegaste land når det gjeld haiåtak. Sidan 2011 har landet hatt det høgste talet på dødelege åtak, med seks dødsfall dei to siste åra.

Det har vore 982 åtak av hai i Australia sidan registreringa starta i 1791, ifylgje Australian Geographic. 217 av åtaka har vore dødelege.

I november i fjor vart to menn drepne av hai, ein av dei var ein surfar som vart drepen ved Gracetown i Vest-Australia. Etter desse ulukkene avgjorde australske styresmakter å sette i gang eit omfattande program for å fange hai som oppheld seg nær populære badestrender.

Dei har òg utstyrt 338 haier med sendarar som sender badegjester åtvaringar på Twitter når haien nærmar seg land.

Laster Twitter-innhold
Yorke peninsula ved Adelaide i Sør-Australia

Yorke-halvøya er den støvelforma halvøya som stikk ut mellom Spencer Gulf og St. Vincent-bukta vest for delstatshovudstaden Adelaide. Området er eit populært natur- og ferieområde med mange turistar og badegjestar. Goldsmith beach og Edinburgh ligg like vel hælen på halvøya

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt