Hopp til innhold

13.000 menneske dumpa midt i Sahara-ørkenen utan mat og vatn

Over 13.000 afrikanske flyktningar og migrantar har dei siste 14 månadene blitt utviste frå Algerie og sende ut i ørkenen utan mat og vatn. Deporteringa starta etter at EU byrja legge press på nordafrikanske land for å stoppe straumen av menneske som tek seg over Middelhavet.

Sahara Walk Or Die

DUMPA I ØRKENEN: Ein buss har frakta migrantar og flyktningar til grensa mot Niger. Dei får beskjed om å byrje å gå eller døy, skriv nyheitsbyrået Ap.

Foto: Ju Dennis / AP

Frå den isolerte grenseposten, Assamanka, djupt inne i Sahara-ørkenen på grensa mot Niger, kan ein sjå ein lang kø av deporterte migrantar og flyktningar. Det fortel ein journalist frå nyheitsbyrået AP som har vore på staden.

Blant dei 13.000 menneska som har blitt deporterte, er fleire born og gravide kvinner. Temperaturane kan gå opp mot 48 grader. Dei har verken mat eller vatn.

Nokre går seg vill, og kan vandre dehydrerte i dagevis før dei blir berga av ein FN-patrulje, skriv AP. Dei har snakka med vitne som hevdar mange bukka under på veg til Assamanka. Rett og slett fordi dei ikkje orka å gå vidare.

– Kvinner låg døde, andre gjekk seg vill i ørkenen, alle hadde nok med seg sjølve, fortel Janet Kamara.

Sahara Walk Or Die

BLIR TRUA MED VÅPEN: Soldatar skal ha peika på folk med gevær, for å få dei til å byrje å gå sørover.

Foto: Ju Dennis / AP

Ho var gravid da ho vart deportert, og ho fødde ein baby som døydde under vandringa. Babyen vart gravlagd i ei grunn grav i sanden. Ho hadde størkna blodstriper frå fødselen på beina, skriv AP.

Ofte blir dei også trua med våpen til å byrje vandringa i ingenmannsland mellom to grensepostar mellom Algerie og nabolandet Niger.

Massedeportasjonar frå Algerie

Algerie har auka deporteringa av flyktningar og migrantar, etter at EU i 2017 byrja legge press på nordafrikanske land for å stoppe straumen av menneske som tek seg over Middelhavet.

Desse menneska kjem frå landa sør for Sahara, mellom anna Mali, Gambia, Guinea, Elfenbeinkysten og Niger. Dei er ein del av ei masseutvandring frå Afrika til Europa. Nokre flyktar frå vald, andre frå fattigdom.

Ein EU-talsmann seier til AP at dei er klare over det som skjer i Algerie, men at statar kan deportere migrantar så lenge dei følgjer internasjonal lov.

Det finst ingen offisiell statistikk på kor mange menneske Algerie har sendt ut av landet, men Organisasjonen for migrasjon (IOM) har telt 11.276 menneske som har overlevd den strabasiøse marsjen til Niger. I tillegg er 2500 menneske sende til grensa mot Mali. Det er uvisst kor mange som overlevde der.

SISTE NYTT

Siste nytt