Hopp til innhold

Strauss-Kahn blir rådgjevar for den serbiske regjeringa

Dominique Strauss-Kahn, tidlegare toppsjef i Det internasjonale pengefondet (IMF), har fått seg ny jobb som økonomisk rådgjevar for den serbiske regjeringa.

Dominique Strauss-Kahn blir rådgjevar i Serbia.

Dominique Strauss-Kahn skal prøve å rydde opp i gjeldsproblema i Serbia.

Foto: ALI NGETHI / Afp

Dominique Strauss-Kahn måtte trekkjer seg som toppsjef i IMF etter at ein kvinneleg tilsett på eit hotell i New York der Strauss-Kahn budde, melde han til politiet for valdtekt.

Presidentkandidat

Skandalen gjorde også at Strauss-Kahn, eller DSK, som han blir kalla, også måtte trekkje seg frå kampen om å bli Det franske sosialistpartiet sin kandidat ved presidentvalet i 2012. Den kandidaturet var det François Hollande som fekk, og han vann presidentvalet mot den sitjande presidenten, konservative Nicolas Sarkozy.

I sommar avgjorde den franske påtalemakta at DSK saman med 12 andre skal stillast for retten for å ha vore involvert i ein prostitusjonsring på eit hotell i byen Lille. Han har vedgått å ha delteke på swingers-festar på hotellet, men seier at han ikkje hadde peiling på at fleire av kvinnene som deltok var prostituerte.

LES OGSÅ: Strauss-Kahn tiltales for hallikvirksomhet

LES OGSÅ: – Strauss-Kahn sentral i sexnettverk

DSK har aldri lagt skjult på at han var ein del av det såkalla swingers-miljøet, der partnarbyte er ein sentral del av verksemda.

Politisk karriere over

I juli i år vedgjekk DSK at den politiske karrieren hans no var over.

No skal han altså hjelpe den serbiske regjeringa å rydde opp i dei økonomiske problema landet har. Han er venta å starte arbeidet i Beograd komande veke.

– Vi har alt snakka med Strauss-Kahn. Han var ikkje heilt nøgd med situasjonen vi er oppe i, men han har alt kome med fleire råd som kan betre forholda, seier Serbias visestatsminister Aleksandar Vucic til BBC.

LES OGSÅ: Fikk millioner av Strauss-Kahn

LES OGSÅ: Strauss-Kahn og stuepiken forlikes

Økonomiske problem

Vucic fortel at Dominique Strauss-Kahn skal prøve å ordne opp i gjeldsproblema Serbia har, og at han skal gi råd både til statsministeren og finansministeren.

DSK er ikkje den einaste rådgjevaren Serbia har henta inn, også den tidlegare kanslaren i Austerrike, Alfred Gusenbauer, skal også gi økonomiske råd til serbarane, melder den serbiske radiostasjonen B92.

DSK sit også i styret for to statlege russiske finansinstitusjonar.

LES OGSÅ: – Strauss-Kahn og kona separert

SISTE NYTT

Siste nytt