Det blei klart under presentasjonen av regjeringsplattformen måndag.
Det var den førre regjeringa som ønskte å innføra ein strengare kontroll på grensa til Tyskland og Sverige.
Innfrir lovnad etter maktskifte
Eit fleirtal i den danske regjeringa vedtok den nye grenseavtalen den 1.juli i år til hissige protestar frå både opposisjonen i landet og Tyskland.
– Dersom det blir maktbyte ved neste val, vil avtalen bli hindra, sa nestleiaren i opposisjonspartiet Radikale Venstre, Morten Østergaard.
Då Danmarks nye, raudgrøne regjering blei utnemnd i dag, var Østergaard ein dei 23 statsrådane som saman har stroke planane om blant anna kameraovervaking, tollarar og politi på grensene.
EU har vore krasse i sin kritikk av dei danske planane. Internt i unionen har det blant anna rådd tvil om den skjerpa kontrollen ville vera eit brot på Schengen-reglane om opne grenser og fri ferdsel.