NRK Meny
Normal

Tusenar droppar ferien for jordskjelv-hjelp

Japanarane har ikkje planar om å liggja på latsida når dei no går inn i ei veke med offentlege fridagar. Tusenar reiser til dei jordskjelv-råka områda for å spa gjørme og rydda vrakrestar.

Japan tok fredag fatt på «Den gyldne veka», ei veke med offisielle fridagar som vanlegvis er ei tid på våren som hardtarbeidande japanarar brukar til å slappa av, tilbringa tid med familien og til å reisa vekk.

Men i år kjem feriedagane snaue to månader etter det katastrofale jordskjelvet og tsunamien som har etterlate seg øydeleggingar av enorme dimensjonar.

Japanarane står difor i lange køar for å bistå i oppyddingsarbeidet.

– Vil hjelpa dei overlevande

– Eg ønskjer å bidra så godt eg kan til at dei overlevande raskt kan få koma tilbake til heimstaden sin, seier Yoshiharu Miura til den japanske fjernsynskanalen NHK.

Synet av landsbyane som er jamna med jorda etter jordskjelvet og tsunamien den 11.mars i år vekkjer medkjensle og vonde minne hjå den 61 år gamle mannen.

Miura er nemleg frå byen Kobe, som blei lagd i ruinar av «Det Store Hanshin Jordskjelvet» for 16 år sidan. Også den gong måtte det ein nasjonal dugnad til for å få landet på fote igjen.

Yoshiharu Miura har meldt seg som frivillig

Yoshiharu Miura (61) er ein av mange tusen japanarar som vil bruka ferien på å hjelpa ofra i dei jordskjelvråka områda.

Foto: NHK

Spår 8000 frivillige i sving

Talet på frivillige arbeidarar truleg vil bli tredobla i løpet av ferien, skriv japanske aviser ifølgje AFP.

Allereie før klokka åtte i dag tidleg var køane lange utanfor eit senter for frivillige i Miyagi-distriktet, som blei aller hardast råka av jordskjelvet.

Langs den nordlege Stillehavskysten er heile 8000 personar venta å vera i sving kvar dag fram til ferien tek slutt den 8.mai.

Dei som melder seg som frivillige blir i første omgang sette til å spa gjørme, samla vrakrestar og samla saman fjernsynsapparat og andre elektroniske gjenstandar.

Video Tusenar tilbyr jordskjelv-hjelp i ferien

Japanarane ofrar fridagane sine og stiller seg til disposisjon for det massive oppryddingsarbeidet som må til etter jordskjelvet den 11.mars i år.

Slit med logistikken

Talet på døde og sakna er oppe i 28 000, mange kystbyar er nærast utsletta og hundretusenar har mista både hus og heim.

Det grusomme synet av lik, vrakrestar, sorg og tragedie har vekt ei dugnadsand blant japanske borgarar som har overrumpla lokale styresmakter.

Det vert rapportert om vanskar med å fordela arbeidsoppgåvene til alle som kjem reisande for å gje ei hjelpande hand.

– Behovet endrar seg heile tida. Me ber folk om å melda seg teneste før dei kjem hit, slik at me får ein sjangs til å fordela arbeidskrafta på ein god og effektiv måte, seier ein tenestemann i Iwate-distriktet til avisa Tokyo Shimbun.

Vil ikkje vera til bry

Dei katastroferåka områda har heller ikkje kapasitet til å innlosjera alle som kjem. Ei gruppe med studentar frå Tokyo seier dei er førebudde på å bu primitivt og kummerleg medan dei bidreg i hjelpearbeidet.

– Me ønskjer ikkje å vera til bry og satsar på å vera mest mogleg sjølvforsynte. Med oss i bagasjen har me presenningar, soveposar, mat og drivstoff, seier Daisuka Nakagawa til Reuters.

Styresmaktene i Iwate, Miyagi og Fukushima minner no om at dei treng frivillige arbeidarar til å fjerna dei djupe, såre spora ettet jordskjelvet, også etter at ferien er over.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt