Hopp til innhold

Dronninga slit med straumrekninga

Dronning Elizabeth prøvde å få pengar som var øyremerkte for skular, sjukehus og fattige til energisparingstiltak på Buckingham Palace og Windsor Castle.

Buckingham Palace

Det er dyrt å varme opp store hus. her Buckingham palace i London.

Foto: MATT DUNHAM / AP

Den britiske avisa The Independent skriv i dag at tenestemenn hos dronninga forhøyrde seg med regjeringsapparatet for å høyre om det var mogleg å få pengar til oppvarming av slotta frå desse midlane.

Familiar med låg inntekt

Dronning Elizabeth

Dronning Elizabeth slit med ei stadig aukande straumrekning.

Foto: POOL / Reuters

Dei kongelege rådgjevarane fekk til svar at dei 60 millionar punda (vel 550 millioner kroner) som var avsett til energisparingstiltak, var meinte blant anna til familiar med låg inntekt.

LES OGSÅ: Dronningen med spareplan

Skulle pengane i staden ha gått til kongehuset, kunne det ha gitt mykje dårleg reklame både for kongehuset og regjeringa, heitte det i svaret.

Det heiter vidare i svaret: Eg kjenner meg litt uvel med tanke på kva presseoppslag som kunne kome dersom Slottet hadde fått pengar frå denne potten, og ikkje eit universitet, burettslag eller sjukehus. Eg er lei for at svaret ikkje er meir positivt.

Representantar for The Royal Household klaga alt i 2004 på dei stadig aukande fyringsutgiftene på kongefamilien sine slott. Frå 2003 til 2004 steig kostnadene til oppvarmin med 50 prosent, og rekninga var då på ein million pund, rundt 9,5 millionar kroner i året.

Høge fyringsutgifter

The Royal Household klaga også på at 15 millionar pund (140 mil. kroner) som kvart år går til vedlikehald av dronninga sine mange slott, var altfor lite.

I jakta på meir pengar skreiv ein representant for dronninga eit brev til Kulturdepartementet for å forhøyre seg om sjansane for å få meir offentlege pengar til dronninga sine slott.

Kvart år betalar britiske skatteytarar 38 millionar pund (350 mill. kroner) til kongefamilien.

Windsor Castle

Windsor Castle er vakker, men dyr å varme opp.

Foto: ERIC FEFERBERG / AFP

LES OGSÅ: Dronning Elizabeth – oppfinner av telefonen?

LES OGSÅ: Sparket etter å ha kuttet dronningens tale

SISTE NYTT

Siste nytt