Dronninga si TV-sende tale starta med ein bildekavalkade over samlivet med hertugen av Edinburgh, prins Philip, som døydde tidlegare i år.
Ho opna med å si at sjølv om jula er ei tid med mykje glede, kan høgtida og vere ei vanskeleg tid for dei som har mista sine kjære.
– I år har eg kjent på det sjølv, i månadene etter at eg mista min elskede Philip, sa ho.
Siste avskjeden
Ikledd raud kjole og perler sat den 95 år gamle monarken ved eit skrivebord med eit innramma bilete framfor seg frå diamantbryllaupsdagen i 2007. Ho hadde på seg same brosje som ho bar på bilete frå bryllaupsreisa.
SAME BROSJA: Dronning Elizabeth og prins Philip fotografert på Broadlands under bryllupsreisa i 1947.
Foto: STR / AFPKjærleiken hennar til mannen kom tydeleg fram. Ho trakk fram at ho sakna latteren hans.
– Det skøyararktige glimtet i auga hans var like sterkt på slutten som då eg såg han første gongen, fortalde ho.
Men livet rommer den siste avskjeden, såvel som det første møtet, påpeka dronninga.
Då han døydde hadde dei vore gifte i 73 år.
I talen takka ho spesielt for dei mange helsingane ho har fått og den varmen ho har kjent på etter at ho vart enkje.
Fire nye oldebarn
– Samtidig som eg og familien min saknar han høgt, så veit eg at han ville ha ønskt at vi skulle nyte jula, sa dronninga.
Ho la til at på familien hennar gir henne stor glede og framheva at ho i år har fått fire nye oldebarn.
– Sjølv om covid-19 igjen betyr at vi ikkje kan feire akkurat slik som vi hadde ønskt oss det, kan vi framleis nyte mange gledelege tradisjonar. Det vere seg julesong, såframt det er ein velkjend melodi, juletrepynting, å gi og få gåver eller sjå ein favorittfilm som vi alt veit slutten på, sa 95-åringen.
Kort tid etter at juletalen til dronninga var kringkasta i ettermiddag, melde Sky News at ein væpna mann var arrestert ved Windsor Castle der ho feirar jula.
Ein mann jogga 1. juledags morgon forbi Windsor-slottet der dronninga feirar jula i år. Statuen er av dronning Victoria.
Foto: Alastair Grant / APIngen større fare
Politiet opplyser at ein 19 år gammal mann er arrestert, mistenkte for å ha teke seg ulovleg inn på området og for å ha bore våpen. Han kom seg ikkje inn i nokon av bygningane på eigedommen, og politiet trur ikkje hendinga utgjorde nokon større fare for offentlegheita.
Dronning Elizabeth feirar jul på Windsor utanfor London i år etter å ha avlyst den tradisjonelle julefeieringen på Sandringham-godset på grunn av koronapandemien.
– Medlemmer av kongefamilien er informert om hendinga, seier Rebecca Mears i Thames Valley-politiet, som etterforskar hendinga i samarbeid med London-politiet.