Hopp til innhold

Bombe eksploderte i millionby

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Minst fire personar er drepne og 42 såra etter at ei bombe eksploderte ved eit folksamt område i Karachi i Pakistan.

Ein såra mann får hjelp ved eit sjukehus ii Karachi

Ein mann som blei skadd då bomba eksploderte får hjelp ved eit sjukehus i Karachi.

Foto: ATHAR HUSSAIN / Reuters

Bomba var ifølgje pakistansk politi festa til ein motorsykkel og blei detonert ved hjelp av ein fjernkontroll.

– Den siste meldinga frå sjukehusa er at fire er drepne og 42 såra, seier helseministeren i provinsen, Saghir Ahmad.

Åtak mot politisk møte

Soldatar sperrar av åstaden der ei bombe eksploderte

Soldatar sperrar av åstaden der bomba eksploderte.

Foto: ATHAR HUSSAIN / Reuters

Åtaket var retta mot ein buss som transporterte personar som hadde delteke på eit politisk møte i regi av det største politiske partiet i Karachi, Muttahida Qaumi Movement (MQM)

Fleire tusen menneske var til stades under den politiske samlinga.

Det er førebels ingen som har teke på seg ansvaret for åtaket.

Karachi ligg på sørkysten av Pakistan og grensar til Det arabiske hav. Det bur 18 millionar menneske i hamnebyen, som er provinshovudstaden i Sindh, og finanshovudstaden i Pakistan.

Sekterisk - og politisk motivert vald har lenge vore eit problem i området.

Bombeåtaket tysdag skjer berre to dagar etter at ei bilbombe tok livet av 19 sjiamuslimske pilegrimar sørvest i landet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt