Hopp til innhold

Drepen av hai på surfestrand i USA

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein person er død etter å ha fått foten bite av i eit haiangrep. Tre strender er stengde i California.

Styresmaktene i Vandenberg stadfestar til nettavisa KEY News at ein person er død etter det som ser ut til å vere eit haiangrep utanfor flybasen Vandenberg nord for Los Angeles i California.

Hvithai

Også i 2003 vart ein person offer for haiangrep. Den gong var det ein kvithai som angreip.

Foto: Chris Fallows / Scanpix/AP

Talsmann for Vandenberg, Jeremy Eggers, vil ikkje kome med fleire opplysningar før rettsmedisinaren har gjort sine underøkingar på staden.

Ifølgje eit augevitne skal den omkomne ha fått beinet bite av, og misst for mykje blod til å overleve angrepet.

Dei tre surfestrendene Surf, Wall og Minuteman er stengde dei neste 72 timane.

Det er to år sidan det siste stadfesta haiangrepet på surfestranda. Då beit ein hai i brettet til ein surfar.

Sist det var eit dødeleg haiangrep i området, var i 2003. Då stadfesta politiet at det var ein kvithai som angreip.

SISTE NYTT

Siste nytt