Hopp til innhold

Alexis hadde akkurat starta i ny jobb på basen

Aaron Alexis, som stod bak skytinga på Washington Navy Yard i Washington i går, hadde akkurat starta å jobbe på basen.

34-åringen kom seg inn på basen fordi han akkurat hadde byrja å jobbe for IT-selskapet The Experts, som hadde oppdrag på basen. Han har jobba for selskapet på minst seks andre militære installasjonar i løpet av juli og august i år, og sjefen hans, Thomas Hoshko, seier at dei ikkje har fått klagar på han.

Aaron Alexis er peika ut som gjerningsmann i massakren i Washington DC.

Aaron Alexis har ei historie med ustyrleg sinne og psykiske problem.

Foto: HANDOUT / Reuters

Alexis vart drepen i ei skotveksling med politiet inne i bygningen der massakren fann stad. 13 menneske, inklusiv gjerningsmannen, vart drepne og åtte såra i dramaet på marinebasen.

Fleire disiplinærstraffer

Alexis byrja å jobba for kontraktøren The Expert på basen sist veke, men Thomas Hoshko er usikker på om han hadde starta formelt i jobben eller om han enno var under opplæring.

I går kom det fram at Aaron Alexis tenestegjorde for reservestyrkane til den amerikanske marinen frå 2007 til tidleg i 2011. Han hadde fleire disiplinærstraffer i denne tida, men han vart ikkje fråteken tryggingsklareringa si.

Selskapet The Experts opplyser at dei hadde to bakgrunnssjekkar på han, og begge to stadfesta tryggingsklareringa.

Då han vart avskjed frå marinen i 2011 måtte han kjempe for at avskjeden skulle endrast frå ordinær avskjed til avskjed i nåde. Avskjed i nåde betyr at han ikkje vart sparka fordi han var uskikka til jobben.

NRKs USA-korrespondent, Anders Tvegård, sier mange amerikanere stiller seg spørsmålet om sikkerheten i forsvaret er god nok etter mandagens skytedrama, der flere personer ble drept på en marinebase i Washington.

VIDEO: – Mange spørsmål etter massedrapet måndag

Det var kjent at han hadde psykiske problem, og at han hadde eit ustyrleg sinne. Han var også innblada i fleire valdsepisodar, også med våpen, men dette vart aldri fanga opp då han byrja å jobbe for IT-selskapet The Experts.

Skyting ved Washington Navy Yard.

Skytinga ved marinebasen i Washington har sjokkert innbyggjarane i byen.

Foto: MARK WILSON / Afp

– Snill og intelligent

Krans på Navy Memorial i Washington.

Ein krans er hengt opp på marinens minnelund i Washington til ære for offera i massakren 16. september.

Foto: MIKE THEILER / Reuters

Han stod i registera over folk som har vorte arresterte i tre ulike delstatar. Ein kamerat av Alexis seier han var ein «13-åring i kroppen til ein 34-åring». Andre seier at han var snill og intelligent.

Folk som kjenner Alexis fortel om ein snill mann med sterk interesse for buddhisme, men at han også har ei mørkare side, eit ustyrleg sinne. Politiet har også fortalt at han den siste tida skal ha hatt problem med å sove, og han skal ha høyrt stemmer inne i hovudet sitt.

Veterans Administration opplyser at Alexis har fått behandling hos dei sidan august. Familiemedlemer seier til Ap at han har fått behandling for psykiske problem.

Opererte åleine – ikkje terror

Politiet i Washington er sikre på at Aaron Alexis opererte åleine. Dei avviser også at massakren han gjennomførde i går har noko med politisk terrorisme å gjere. I fleire timar jakta politiet det som kunne vere både ein og to hjelparar, men vitneutsegnene om medhjelparar viste seg å ikkje stemme.

Skyting på marinebase i Washington.

Folk trøyste kvarandre så godt dei kunne etter den dramatiske opplevinga på marinebasen.

Foto: Alex Brandon / Ap

Alexis skal ha brukt tre våpen under massakren, ifølgje kjelder i politiet. Det var ei hagle han hadde med seg, pluss to handvåpen han tok frå ein politimann på staden, melder nyheitsbyrået Ap. Haglgeværet var kjøpt i ein butikk i Virginia, nabodelstaten til Washington DC.

På FBis presskonferanse i Washington i kveld vart det opplyst at Alexis har opphalde seg i Washington sidan 25. august, der han har budd på ulike hotell. Det vart vidare opplyst at etterforskinga held fram, ikkje berre i Washington, men i fleire byar over heile landet for å finne motivet bak skytinga.

Sjuande massedrapet

– Endå ei masseskyting, sa president Barack Obama oppgitt då han uttalte seg om tragedien på fjernsyn i går kveld norsk tid. Ifølgje nyheitsbyrået var det som skjedde i Washington i går minst det sjuande massedrapet med skytevåpen sidan han vart president i 2008.

Retten til å kjøpe og bere våpen står sterkt hos innbyggjarane i USA. Den mektige våpenlobbyen har kjempa med nebb og klør mot Obamas forslag om å forby sal av ein del halvautomatiske angrepsvåpen.

Og det gjekk ikkje lenge før tilhengjarar av liberale våpenlover gjekk ut og skulda presidenten for å ha slått politisk mynt på tragedien i Washington.

SISTE NYTT

Siste nytt