NRK Meny
Normal

Drapsmann var medlem i skyttarklubb

24-åringen som skaut og drap seks menneske på eit kjøpesenter i Nederland, var medlem i den lokale skyttarklubben, opplyser politiet.

Video Born blant ofra i nederlandsk skytedrama

Det var også born blant ofra i skyteepisoden på eit nederlandsk kjøpesenter i går. Drapsmannen var ein kjenning av politiet og medlem i det lokale skyttarlaget.

Drapsmannen var kjend av politiet frå før. Han var medlem i ein skyttarklubb og hadde lisens for fem skytevåpen.

– Me veit framleis ikkje om det var eitt eller fleire av desse våpna han brukte,
opplyser Kitty Nooy ved kontoret til statsadvokaten i Haag, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Skaut born

Den nederlandske statsborgaren Tristan van der Vlis gjekk laurdag amok med eit skytevåpen på eit kjøpesenter i byen Alphen aan den Rijn.

Han tok livet av seks menneske og såra eit titals andre før han til slutt tok sitt eige liv.

Borgarmeister Bas Eenhoorn sa på ein pressekonferanse i går at det er born blant ofra, men spesifiserte ikkje om det var born blant dei drepne eller dei såra.

Skytedrama på nederlandsk kjøpesenter

Overlevande blir ført vekk frå åstaden etter den traumatiske hendinga laurdag.

Foto: EVERT ELZINGA / Ap

– Kaldblodig mordar

Den statlege fjernsynskanalen sender grufulle bilete frå kjøpesenteret der massakren fann stad. Bileta viser blant anna eit mannleg lik i døropninga på ein bil. Den døde kroppen er omgjeven av blod og knust glas.

Overlevande seier skytedramaet varte i 10-20 minutt før Van der Vlis retta skytevåpenet mot sin eigen tinning og trykte på avtrekkjaren.

Augevitna skildrar gjerningsmannen som ein kaldblodig mordar.

– Blod over alt

– Han var stor og kledd i militærfarga bukser. Han bevegte seg raskt og drap folk utan å trekkja ei mine, seier ei eldre kvinne til den statlege fjernsynskanalen NOS.

Ei yngre kvinne som var på handletur og hamna midt i blodbadet, fortel om hysteri, frykt og panikk inne på det tettpakka kjøpesenteret.

– Eg såg folk springa i alle retningar medan dei hylte og skreik. Deretter såg eg ein mann som skaut rundt seg med eit slags automatvåpen. Det var blod overalt, fortel Hajam Leouesset.

Evakuerte etter funn av trugselbrev

Motivet for skytinga er førebels ukjend, Statsadvokat Nooy seier drapsmannen etterlet seg eit sjølvmordsbrev heime i bustaden sin, men vil ikkje gå ut med fleire detaljar om innhaldet i brevet.

I går blei bilen til Van der Vlis, ein svart Mercedes som stod parkert utanfor kjøpesenteret, saumfart av bombespesialistar.

I bilen fann dei nok eit brev frå gjerningsmannen, der det stod at han hadde plassert ut bomber på tre kjøpesenter i byen. Trugsmålet førte til at dei tre kjøpesentra vart evakuerte.

NETHERLANDS-CRIME-SHOOTING

Bombeekspertar undersøkte laurdag ein svart Mercedes som skal ha tilhøyrt drapsmannen.

Foto: Koen van Weel / Afp

Ingen bombefunn

– Me tek ingen risiko. Det er snakk om ein potensiell fare, sa borgarmeister Eenhoorn på ein pressekonferanse laurdag.

Laurdag opplyser den fjernsynskanalen NOS at politiet har saumfart kjøpesentra utan å finna sprengstoff.

Området rundt senteret der massakren fann stad er framleis sperra av, og gjerningsmannen sin bil er fjerna frå åstaden.

Andre skyting på éi veke

Van der Vlis budde ifølgje AFP heime hjå far sin, i nærleiken av Ridderhof kjøpesenter, der skotdramaet skjedde.

Byen Alphen an der Rijn ligg om lag fire mil sørvest for Amsterdam sentrum, og har rundt 70 000 innbyggarar.

Også laurdag for ei veke sidan var det ein skyteepisode i byen. Då blei to menneske drepne og to andre såra.

I sjokk

Justisminister Ivo Opstelten omtalar gårsdagens massakre som «eit grusomt drama».

Ein spesialist på nasjonal tryggleik, Glenn Schoen, seier til statleg fjernsyn at han er overraska over at noko slikt skjer i Nederland.

– Ein høyrer om at slike ting skjer i utlandet, men forventar ikkje at eit slikt blodbad skal finne stad i eit land som Nederland, seier Schoen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt