Hopp til innhold

Småbarnspappa drap kvinne (55) – trudde ho var mann

Ein 27-åring i Sverige er tiltalt for mord etter å ha drepe ei kvinne som blei med han heim. Grunnen skal ha vore at han trudde ho var ein mann.

Den 27 år gamle småbarnsfaren trefte den 55 år gamle kvinna på ein uteplass i Umeå i Sverige. Etter stengjetid tok dei drosje til 27-åringen sitt hus.

I 7-tida neste morgon fekk politiet melding om at noko mistenkeleg hadde skjedd . Der fant dei kvinna død med store knivskader i halsen og overkroppen. 27-åringen skal ha drepe kvinna med to kjøkkenknivar frå hans eigen heim.

Til politiet har småbarnsfaren sagt at han ikkje hadde som formål å drepe kvinna.

– Han medgir grov mishandling med døden til følgje, stadfesta advokaten hans i retten.

Trudde kvinna var mann

Vidare forklarar 27-åringen at han blei overrumpla då 55-åringen gjorde seksuelle tilnærmingar mot han.

– Han opplevde at ho var påtrengjande på ein seksuell måte. Utgangspunktet hans var at kvinna var ein mann, og reagerte difor på måten han gjorde.

Advokaten forklarar at 27-åringen trudde han tok med seg ein mann med frå byen, og at han ikkje hadde planar om å gjere noko seksuelt.

– Kvifor trudde han at kvinna var ein mann?

– Basert på utsjånaden og det kroppslege. Eg har ein viss forståing for at han trudde det var ein mann. Men det blir feil å seie meir enn det, seier forsvararen til Aftonbladet.

Mora bloggar om drapet

Allereie to dagar etter drapet starta mora til den tiltalte 27-åringen ein blogg der ho skriv om tida etter drapet, skriv lokalavisa Västerbottens Folkblad.

«I førgårs vart alt forandra. Eg blei mamma til ein mordar.»

Gjennom over 40 innlegg skriv ho om sjokket dei første dagane, men også om kjærleik og sakn til sonen. Grunnen til at ho oppretta bloggen var for å kome i kontakt med andre som er foreldre til drapsmenn.

«Ingen foreldre skal måtte oppleve den kjensla av einsemd og ikkje finne noko stad å vende seg til.»