Hopp til innhold

Dramatisk bygningskollaps i Harlem

13 menneske vart skadde då ein bygning under oppussing kollapsa og fall ned på ein buss i New York-bydelen Harlem i dag.

Bygningskollaps over buss i Harlem i New York.

Det var 30 personar i bussen som vart treft av bygningsmassane. Ni av dei vart skadde.

Foto: Jemal Countess / Afp

Den eine veggen på den to etasjar høge bygningen kollapsa, medan bygningsrestar og delar av stilaset raste ned på ein forbipasserande buss. Dette skjedde på hjørnet av 125. gate og St. Nicholaus-avenyen i dag klokka 09.30 lokal tid, klokka 15.30 norsk tid.

Video Bygning kollapsa over buss i Harlem

VIDEO: Bygning kollapsa over buss i Harlem

Ni av dei skadde var om bord i bussen, medan fire som oppheldt seg på gata også vart trefte av bygningsrestar, blant dei to politifolk. Ein mann som arbeidde på bygningen fall ned. Det var 30 personar om bord i bussen.

Augevitne fortel at fronten på bygningen plutseleg byrja å bevege seg framover og til slutt tippa fullstendig over.

- Eg høyrde eit brak, omlag som toreskrall. Så høyrde eg eit kraftig woosh, seier eit av vitna blant anna.

Ingen vart alvorleg skadd i bygningskollapsen i Harlem.

SISTE NYTT

Siste nytt