Det var førre laurdag Prajak Sutham (14 år), Pipat Bhodi (15 år), og nokre av kameratane deira på fotballaget låste syklane sine og vandra inn i Tham Luang Nang Non grotta i nord i Thailand.
Dei 12 gutane frå fotballklubben «Villsvin» og den 25 år gamle trenaren deira hadde utforska grotta før.
- LES OGSÅ:
Det er ein populær turistattraksjon. Inngangen er ein imponerande kalkstein-katedral, men lengre inne blir det stadig smalare. Og det er ikkje trygt å gå der i regntida.
Ingen veit kvifor gutane og trenaren deira ville inn der, forbi skilta som åtvarar folk om at det ikkje er trygt.
Tok av skoa
Etter tre kilometer deler grotta seg. Til venstre er det ein lang slak sti der ein kan gå til ein utgang i andre enden. Til høgre går det meir oppover, som i ein slags skorstein, der ein må klatre for å kome seg ut.
Det er den vegen redningsmannskapa trur gutelaget valde.
Dei tok av seg ryggsekkane og skoa og byrja å gå. Eit forrykande regnvêr førte til at grottegangen bak dei vart fylt med gjørmete vatn, og dei vart sperra inne.
Redningsmannskapa trur gutelaget kan ha kome fram til ei lomme som blir kalla «Pattaya Beach», midt inne i den smalaste grottegangen.
Droner med varmesøkande kamera har floge over gruvesystemet, og det er også brukt liten ubåt for å hente ut informasjon om kor drjupt vatnet er inne i grotta og korleis flaumen har påverka gruvegangane.
Laurdag kveld
Gutane sette igjen syklane og ryggsekkane sine.
Foto: Tassanee Vejpingsa / APEin skogvaktar finn dei parkerte syklane og slår alarm. Redningsoperasjonen er i gang.
Søndag
Redningsmannskapa går i gang med arbeidet.
Foto: KRIT PHROMSAKLA NA SAKOLNAKORN / AFPLokale redningsarbeidarar tek seg inn i grotta med tau og oksygentankar. Der fann dei 12 par sandalar og nokre ryggsekkar der grottegangen deler seg i to.
Soldatar studerer kart over grottesystemet.
Foto: STAFF / ReutersSoldatar, politi og redningsarbeidarar held krisemøte. Vatnet stig og ein må trekke seg tilbake. Søket blir midlertidig stansa på grunn av kraftig regn. Det blir bedt om assistanse frå thailandske NAVY-Seal marinedykkarar.
Måndag
Det er mange som arbeider hardt for å berge dei sakna gutane.
Foto: HANDOUT / AFPRegnvêret gir seg litt og marinedykkarane klarte å ta seg lengre inn i den smale grottegangen etter der grotta har delt seg i to.
Arbeidet går føre seg både dag og natt.
Foto: Krit Promsakla Na Sakolnakorn / APRedningsmannskap har samla seg ved inngangen til grotta.
Tysdag
Det blir arbeidd døgnet rundt i grotteområdet.
Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFPSoldatar strekker ein elektrisitetskabel inn i grotta for å gje straum til pumpene. Ute regnar det framleis og vatnet stig.
Det er gjort forsøk på å pumpe vatn ut av grotta.
Foto: SOE ZEYA TUN / ReutersFleire pumper blir bore på plass for å tømme grotta for vatn, men framleis kjem det meir vatn inn enn ut.
Onsdag
Vatnet har stige til taket fleire stader.
Foto: APVatnet har stige til taket av grotta fleire stadar, noko som har hindra dei thailandske marinedykkarane å kome seg lenger inn. Dykkarane seier at nokre stadar stig vasstanden med 15 centimeter i timen.
Redningsmannskapa diskuterer ulike måtar å ta seg inn i grotta.
Foto: KRIT PHROMSAKLA NA SAKOLNAKORN / AFPOnsdag kom tre britiske grottedykkarar til for å hjelpe. Dei byrja utforske alternative inngangar til grotta.
Mange ber for dei sakna gutane og trenaren deira.
Foto: SOE ZEYA TUN / ReutersFrivillige frå ei lokal kyrkje kjem for å be for dei sakna og å gje trøyst til dei mange pårørande som venta utanfor.
Ein slektning les om redningsarbeidet i ei nettavis.
Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFPEin familiemedlem ser på eit fotografi av ein sakna slektning.
Soldatar jobbar med å drage slangar innover i grotta.
Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFPSoldatar dreg tjukke slangar djupt inn i grotta for å pumpe ut vatnet.
Torsdag
Det blir forsøkt å bore ei smal gruvesjakt.
Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFPRedningsarbeidarane byrjar å bore ei smal gruvesjakt, til der dei trur det sakna gutelaget kan vere. Det forrykande regnvêret gjer arbeidet vanskeleg, fortel sersjant Kresada Wanaphum til Reuters.
Fredag
Klare til dykking fire ulike stader inne i grotta.
Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP16 dykkarar frå Thailands Navy Seals kjem til åstaden. Dei deler seg i fire lag, og byrjar å dykke ved fleire inngangar til grotta. Eit av dykkarlaga klarar å finne vegkrysset til området der dei trur dei sakna gutane kan vere. Dei finn fotspor, men ingen av dei sakna. Teorien er at gutelaget kan ha søkt dekning i ei lomme som blir kalla "Pattaya Beach." Den ligg fleire kilometer lenger inn.
Det er frakta forsyningar inn i grottesystemet.
Foto: KRIT PHROMSAKLA NA SAKOLNAKORN / AFPSoldatar ber slangar inn i grottegangane.
Foto: Sakchai Lalit / APSmå pakkar med mat og førstehjelpsutstyr blir frakta inn i grotta, og sleppt ned i hol i håp om at det kan nå dei sakna. Det har no gått ei veke, og håpet om å finne overlevande minkar. Men Redningsmannskapa håpar gutelaget har tilgang til reint vatn som dryp frå taket i grotta, og trur dei er sterke nok til å klare seg fleire veker utan mat. Men det er frykt for at dei kan blir sjuke viss dei drikk det gjørmete flaumvatnet.
Også statsministeren er sterkt prega av det som har skjedd.
Foto: SOE ZEYA TUN / ReutersThailands statsminister Prayut Chan-o-cha clean besøker grotta, og ber dei pårørande om ikkje å gje opp håpet. – Vi må ha tru, for trua vår gjer alt til ein suksess, sa statsministeren.
Laurdag
Gutane har vore sakna ei veke, og håpet er i ferd med å svinne.
Foto: HANDOUT / AFPGutelaget har vore sakna ei veke, og håpet byrjar svinne. Kommandanten for Seal Team dykkarane, Arpakorn Yoonkongkaew, forklarar til media at redningsarbeidet er svært farleg. Han trur at dei må dykke tre kilometer inn i grotta for å kome til staden der dei trur dei sakna personane kan vere. Dykkarane må difor sørge for at dei lagar ei rute der det er oksygentankar kvar 25 meter. Dei vil også dra ei telefonlinje med seg for å ha kommunikasjon.
Søndag
Vasspumper og slangar ved inngangen til grotta.
Foto: Sakchai Lalit / APVed utgangen er det drege inn tjukke slangar og fleire vasspumper. Gutelaget har vore sakna i åtte dagar, men redningsarbeidet held på for fullt. Marinedykkarane fortel til nyheitsbyrået Ap at ein for kvar time klarar å kome seg lenger inn i grottegangen, til grottelomma «Pattaya Beach», der heile Thailand no håpar dei sakna har søkt tilflukt.
– Det er gode nyheiter at det har slutta å regne, vi får pumpa ut vatn, noko som lettar arbeidet for dykkarane, fortel general Bancha Duriyapat til nyheitsbyrået Ap.