Hopp til innhold

Døydde etter å ha falle ned frå eit fly

Ein mann klarte nesten å kome seg frå Sør-Afrika til London som blindpassasjer, men rett før landing på Heathrow fall han ned og omkom.

British Airways går inn for landing nær Heathrow

OMKOM: Mannen datt ned frå flyet etter å ha klamra seg fast frå Johannesburg til London.

Foto: LUKE MACGREGOR / REUTERS

– Dødsårsaka vert for augeblikket sett på som uklar, seier ein talsperson for Scotland Yard til Sky News.

Saman med sørafrikansk politi etterforskar dei det British Airways omtaler som «eit sjeldan tilfelle», der ein mann fall ned frå flyet rett før landing. Han landa i ein butikk i det sørvestlege London.

– Vi vil foreta ein obduksjon og halde fram med å finne ut av mannens identitet. Ingen har vorte arresterte, seier politiet.

Ulykka skjedde på torsdag. Den omkomne og ein anna mann skal ha klamra seg fast i elleve timar, frå Johannesburg i Sør-Afrika til London, utan å verte oppdaga. Den andre mannen overlevde flyturen, men ligg på sjukehus etter den harde turen.

Dette er faktisk ikkje første gong nokon fell ned frå fly i området. I 2012 døydde Jose Matada etter å ha falle ned frå understellet på eit fly frå Angola. 26-åringen skal inntill fallet ha overlevd flyturen i temperaturar ned til minus seksti grader. I 2013 vart ein blindpassasjer frå Tyrkia funne frosen i hel i understellet til eit BA-fly frå Istanbul.

SISTE NYTT

Siste nytt