Hopp til innhold

Dow Jones opp 2 prosent

Aksjane på Dow Jones er i ferd med å hente seg inn igjen etter nedgangen måndag. Industriindeksen steig 2 prosent ved opning tysdag.

Wall Street

Etter å ha falt kraftig frå start måndag, starta Dow Jones-børsen i New York på tysdag med å gå opp.

Foto: Bebeto Matthews / Ap

Starten på handelen tysdag står i sterk kontrast til dagen før. Etter å ha falt kraftig frå start måndag, starta Dow Jones-børsen i New York på tysdag med å gå opp 350 poeng. Det melder CNN.

Også i Europa peikar pilane oppover

Europeiske børser opna også med oppgang tysdag morgon etter nedgangen på globale børsar dei siste dagane. FTSE 100-indeksen i London steig 2,9 prosent, mens CAC 40 i Paris og DAX 30 i Frankfurt var opp over 4,5 prosent tysdag ettermiddag.

Hovudindeksen på Oslo Børs steg 0,58 prosent til 558,47 poeng dei første fem minuttane etter opning tysdag.

Kina framleis ned

Handelen på Tokyo-børsen i dag tidleg likna ei vill berg- og dalbane – først med eit fall på 4 prosent ved opning, deretter brå oppgang ut av raudt terreng, og til slutt nytt fall. Nikkei-indeksen enda til slutt ned med 4 prosent.

Dermed bleikna det vesle håpet om at krisen dei siste dagane kunne vere over. Trass i lyspunktet midt på dagen tysdag, har det vore nedgang seks dagar på rad på Tokyo-børsen.

Nedgangen skjer etter at Shanghai-børsen var ned 8,49 prosent måndag, noko som er det største fallet sidan 2007. Det brutale fallet og uroa for den kinesiske økonomien gav blodraude tal på børsane verda over same dag.

Den amerikanske industriindeksen Dow Jones enda ned 3,55 prosent, mens aksjemarknadane i Frankfurt og Paris hadde ein nedgang på rundt 5 prosent.

Mann går forbi en elektronisk tavle som viser Nikkei-indeksen i Tokyo

Tokyo-børsen gjekk opp og ned då den opna tysdag.

Foto: YURIKO NAKAO / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt