Hopp til innhold

Donald Trump: – Farleg for USA

– Dette er farleg for USA. Det skriv presidenten i USA, Donald Trump på Twitter som ein reaksjon på at Nord-Korea nok ein gong har gjennomført ein kjernefysisk test. Ei rekkje internasjonale leiarar fordømmer testen på det sterkaste.

STORM-HARVEY/TRUMP

Prøvesprenginga er farleg for USA, seier president Donald Trump.

Foto: KEVIN LAMARQUE / Reuters

– Nord-Korea er ein kjeltringnasjon som er blitt ein stor trussel - og pinleg - for Kina, som prøver å hjelpe utan å få det til, skriv Trump. Og Sør-Korea vil no måtte vedgå, slik eg har fortalt dei, at det ikkje fungerer å vere ettergjevande. Nord-Korea forstår berre ein ting, skriv Trump vidare.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Ifølgje nordkoreansk TV har landet testa ei hydrogenbombe som kan festast til ein interkontinental rakett. Kina var tidleg ute med å reagere mot testen.

– Nord-Korea har oversett den omfattande internasjonale motstanden mot atomprogrammet sitt, og gjennomført nok ein test, heiter det i ei fråsegn frå det kinesiske utanriksdepartementet. Kinesiske styresmakter fordømmer testen på det sterkaste.

Testen var den sjette – og den kraftigaste – som Nord-Korea har gjennomført, ifølgje ekspertar.

South Korea Koreas Tensions Moon Jae-in

Presidenten i Sør-Korea, Moon Jae-In, under eit møte i det sørkoreanske tryggingsrådet søndag morgon.

Foto: null / AP

Vil ha streng straff

Presidenten i Sør-Korea, Moon Jae-in, krev «den strengast mogelege straffa» mot Nord-Korea etter prøvesprenginga. Han ber Tryggingsrådet i FN innføre nye straffetiltak mot landet, for at Nord-Korea skal bli heilt isolert.

Den nasjonale tryggingsrådgjevaren i Sør-Korea, Chung Eui-yong seier at han har diskutert sprenginga med kollegaen i USA, H. R. McMaster. Samtalen fann stad rundt ein time etter sprenginga.

NORTHKOREA-MISSILES/

Statsministeren i Japan, Shinzo Abe.

Foto: KYODO / Reuters

Ønskjer møte i Tryggingsrådet

Også statsministeren i Japan, Shinzo Abe ber om at Tryggingsrådet i FN kjem saman. Han fordømmer prøvesprenginga på det sterkaste. Han seier at han og presidenten i USA, Donald Trump, er samde om å leggje sterkare press på Nord-Korea for å få regimet til å endre politikken sin.

Den tyske forbundskanslaren, Angela Merkel og presidenten i Frankrike, Emmanuel Macron fordømmer Nord-Korea, og ber om at EU skjerpar straffetiltaka sine mot landet. Dei ser på testen som ein ny type provokasjon frå Nord-Korea, og ber Tryggingsrådet i FN reagere raskt.

FRANCE-NETHERLANDS/

Presidenten i Frankrike, Emmanuel Macron.

Foto: PHILIPPE WOJAZER / Reuters

Utanriksministeren i Storbritannia, Boris Johnson, seier det som har skjedd er uforsvarleg, og legg til at ingen av dei militære alternativa er gode. Han oppfordrar Kina til å auke det økonomiske presset mot Nord-Korea.

Ber om diplomatisk løysing

Det russiske utanriksdepartementet fordømmer Nord-Korea for å skape «ein alvorleg trussel» mot resten av regionen, og seier det vil få alvorlege følgjer dersom landet held fram med å gjennomføre slike testar. Det som har skjedd, viser at styresmaktene i Pyongyang ikkje bryr seg om krava frå Tryggingsrådet i FN.

Samtidig ber Russland om at alle partar i konflikten unngår å provosere, og oppfordrar til å finne ei diplomatisk løysing.

Jens Stoltenberg

Generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg.

Foto: THIERRY CHARLIER / AFP

– Brot på resolusjonar

Generalsekretæren i Nato, Jens Stoltenberg fordømmer på det sterkaste at Nord-Korea gjennomført sin sjette kjernefysiske test. Dette er nok eit alvorleg brot på ei rekkje resolusjonar frå Tryggingsrådet i FN, heiter det i fråsegn.

Nato er uroa over at styresmaktene i Pyongyang på denne måten destabiliserer regionen, og dermed er med på å true tryggleiken både regionalt og internasjonalt, heiter det.

Nato ber regimet få i gang dialog med det internasjonale samfunnet, for å finne ei løysing på konflikten.

SISTE NYTT

Siste nytt