Hopp til innhold

Donald Trump vil heve aldersgrensa for å kjøpe våpen i USA

Den amerikanske presidenten seier han vil innføre omfattande kontroll av den mentale helsa til dei som kjøper våpen. Samtidig foreslår han å auke aldersgrensa til 21 år.

USA-GUNS/

President Donald Trump møtte onsdag elevar, lærarar og andre i Det kvite hus etter skuleskytinga i Florida i førre veke. Der kom det blant anna forslag om væpning av lærarar og strengare våpenlover.

Foto: JONATHAN ERNST / Reuters

17 personar blei drepne i skulemassakren i Florida onsdag førre veke. Dette gjorde hendinga til den fjerde verste skuleskytinga i moderne amerikansk historie. Og skytinga har også gjeve nytt liv til våpendebatten i USA. Allereie dagen etter skytinga diskuterte Senatet om dei burde stramme inn våpenlovgjevinga.

Laurdag møtte president Donald Trump ofra etter skuleskytinga i Florida. Då ville han ikkje svare på spørsmål om skjerping av lovene. Onsdag møtte han elevar og lærarar i Det kvite hus. Der kom det forslag om strengare våpenlover og væpning av lærarar. Og torsdag skreiv Trump på Twitter at han var villig til å vurdere innstrammingar.

– Eg vil gå inn for ein omfattande mental bakgrunnssjekk og auke aldersgrensa for å kjøpe våpen til 21 år, skriv han blant anna.

Laster Twitter-innhold

Vurderer væpning av lærarar

Torsdag kom det også meldingar om at den amerikanske presidenten var villig til å la lærarar bere våpen for å hindre nye skuleskytingar.

– Ei våpenfri sone er det same som å seie til ein galning at «her kan du gå inn og skyte», sa Trump.

Men på Twitter var det viktig for presidenten å presisere at han ikkje gjekk inn for ei generell væpning av lærarar i USA:

– Det eg sa var at vi må sjå om det er mogleg å gi våpen til erfarne lærarar med militær eller spesialtrent bakgrunn. Berre dei beste. Slike godt trente lærarar ville også skremme bort feigingane som vurderer eit angrep, skriv Trump.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Rubio støttar høgare aldersgrense

Den republikanske senatoren Marco Rubio frå Florida, er blant dei som har markert seg i debatten om våpenlovene. I ein debatt på CNN natt til torsdag, møtte han foreldre og overlevande etter skuleskytinga i førre veke.

I debatten sa han blant anna at han også ønsker seg høgare aldersgrense for kjøp av våpen.

– Eg meiner at dersom du er 18 år i dette landet, bør du ikkje kunne kjøpe eit gevær. Og eg vil støtte ei lov som foreslår høgare aldersgrenser.

US-LAWMAKERS-ON-CAPITOL-HILL-CONTINUE-TO-WORK-TOWARDS-IMMIGRATIO

Senator Mark Rubio frå Florida har vore skeptisk til å endre på våpenlovgjevinga. Men han seier no at han er villig til å heve aldersgrensa for kjøp av våpen.

Foto: MARK WILSON / AFP

Men han vil ikkje la lærarar få bere våpen.

– Tanken på at mine barn skal gå på ein skule der lærarane er væpna, er ikkje ein tanke eg er komfortabel med, for å vere heilt ærleg, sa Rubio.

SISTE NYTT

Siste nytt