«Skuldig». Eitt etter eitt tiltalepunkt blir lese opp i rettsalen i New York.
Donald Trump blir funnen skuldig på alle 34 punkt i tiltalen.
Aldri før har ein ekspresident i USA blitt dømt i ei straffesak. Korleis kunne dette skje?

Skandalanes president

Donald Trump versus pornosjerne Stormy Daniels.

Me skrur tilbake tida til 2006.

Donald Trump har nettopp blitt far til fem. Denne gong med kona Melania.

På same tid møter han pornoskodespelaren Stormy Daniels.

Men det skal gå 12 år før forholdet mellom dei blir offentlig kjent.

2018

Donald Trump er president. «Hysjpengesaka» blir kjent for heile verda.

Januar:

Wall Street Journal avslører at Trump hadde betalt 130.000 til pornoskodespelar Stormy Daniels før presidentvalget i 2016.

Ifølgje Daniels var betalinga for at ho skulle tia om at ho hadde hatt sex med Donald Trump i 2006.

Februar:

Trumps tidlegare advokat Michael Cohen seier at han betalte Daniels frå eiga lomme og at han ikkje fekk ordre frå Trump om å gjera det. Cohen hevda at at Trump aldri betalte han tilbake.

April:

Trump blei spurt av journalistar om han visste om utbetalinga til Daniels. Han svarar nei.

Mai:

Trump innrømmer å ha betalt Cohen dei 130.000 dollarane som blei betalt til Stormy Daniels.

Juli:

Rudy Giuliani, som då er Trumps advokat, sa at Cohen hadde eit opptak av ein samtale med Trump som var gjort to månadar før presidentvalet i 2016.

Samtalane skal ha handla om utbetalingane til ei anna kvinne: Playboy-modellen Karen McDougal som Trump hadde eit forhold med frå 2006 til 2007. Trump meiner opptaka er ulovlege.

August:

Cohen sa seg skuldig i å ha betalt hysjpengar til Daniels og McDougal. Han sa Trump hadde gitt han ordre om å gjera det og at det var for å påverka valet.

Desember:

Trump kalla hysjpengane for «private transaksjonar» og sa at betalingane ikkje var for å påverka presidentvalkampen.

2021 og 2022

Me hoppar til 2021 og 2022. Då er det ein annan rettssak som har fokus. På det tidspunktet visste ein ikkje at også denne saka skulle ha samanheng med hysjpengesaka.

Juli 2021:

Cyrus Vance tar ut tiltale mot Trumps eigedomsselskap The Trump Organization for skattesvindel. Trump blir ikkje tiltalt. Tiltalen har ingen referansar til hysjpengesaka.

Desember 2022:

The Trump Organization blir funne skuldig i skattesvindel.

2023

Januar:

Alvin Bragg legg fram dei første bevisa mot Trump i hysjpengesaka foran ein storjury.

Mars:

Bragg seier det blir tatt ut tiltale mot Trump, men seier ikkje kva han er tiltalt for.

April:

Tiltalen blir gjort offentleg. Trump blir skulda for å med vilje ha bokført i registera til The Trump Organization at hysjpengane som Trump betalte Cohen var juridiske utgifter.

Ifølgje aktor hadde papira blitt forma på ein slik måte at dei skjulte betalingane til Daniels og McDougal. Aktor meinte difor at dei blei brukt til å påverka presidentvalet i 2016.

2024

April:

Rettssaka mot den tidlegare presidenten startar.

Mai:

30. mai blir Trump historisk. Han blir den første tidlegare presidenten som gjer seg skuldig i ei straffesak. Trump blir kjent skuldig i alle dei 34 tiltalepunkta.

Straffeutmålinga kjem først 11. juli.

Men ifølgje Trump er det det amerikanske folket som «vil gje det verkelege dommen» ved valet 5. november.