Hopp til innhold

Donald Trump måtte avbryte pressekonferanse etter skyteepisode

Den amerikanske presidenten vart eskortert ut av pressekonferansen sin om koronaviruset berre nokre minutt etter at den hadde begynt. Da han kom tilbake sa han at det hadde vore ein skyteepisode utanfor Det kvite huset.

Donald Trump vart eskortert ut av sin eigen pressekonferanse måndag.

Pressekonferansen fekk ein uventa vending da ein Secret Service-agent varsla Donald Trump om skyteepisoden utanfor Det kvite huset.

Foto: Andrew Harnik / AP / NTB Scanpix

Ein agent frå Secret Service sa til Donald Trump at han måtte forlate pressekonferansen sin, få minutt etter at han hadde begynt å prate. Han måtte i sikkerhet. Ein reporter i rommet spurte kva det var som skjedde.

Journalistane gjekk rundt i rommet, og fleire prøvde å ta bilde ut gjennom vindauga medan dei venta på å høyre meir.

Presidenten kom tilbake ikkje mange minutt etter, og kunne fortelje at det hadde vore ein skyteepisode utanfor Det kvite huset, men at faren var over. Han skrytte av sikkerheitsvaktene sine.

– Eg kjenner meg trygg med Secret Service, dei er fantastiske menneske. Det er ikkje sikkert at hendinga hadde noko med meg å gjere, sa Trump.

Sikkerheitsvakter utanfor Det kvite huset. Bildet er tatt innanfrå, der journalistane skulle høyre på Donald Trump sin pressekonferanse.

Journalistane som skulle følge med på Donald Trump sin pressekonferanse om koronaviruset skjønte først ikkje kva som skjedde da Trump forlèt rommet.

Foto: Andrew Harnik / AP/NTB Scanpix

Ropte at han hadde eit våpen

Ein person, som ifølge Donald Trump skal vere den mistenkte, vart skoten av ein Secret Service-agent og seinare frakta til sjukehus.

Secret Service la etter ei tid fram fleire detaljar om hendinga. Ein man i 50 åra skal ha nærma seg ein av agentane til sikkerheitstenesta på gata nær Det kvite huset, der 17. gate møter Pennsylvania Avenue.

Politiet sperra av området på Pennsylvania Avenue der ein mann vart skoten og såra av ein Secret Service Agent.

Politiet sperra av området på Pennsylvania Avenue der ein mann vart skoten og såra av ein Secret Service Agent.

Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / AFP

Mannen skal ha ropt at han hadde eit våpen og sprang fram mot agenten. Så skal han ha bevega handa si som om han skulle trekke fram eit våpen innanfor kleda. Og mannen skal ha tatt noko fram frå kleda sine og plassert seg i det som kunne vere ein skytestilling, skriv Secret Service i si twittermelding. Då vart mannen skoten i magen av ein av agentane, skriv CNN.

Etterpå viste det seg at mannen ikkje hadde hatt noko våpen. Han er no på sjukehus og det er uklart kor hardt skada han er.

Ein av agentane vart også teken til sjukehus, men i ei twittermelding frå Secret Service heiter det at ingen av agentane deira var i fare under hendinga og at den skjedde utanfor Det kvite huset sitt område.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt