NRK Meny
Normal

Donald Trump klart mest populær

Den eksentriske milliardæren Donald Trump stormar fram i kampen om å bli republikansk presidentkandidat. På den siste målinga til Washington Post og ABC News har han nesten dobbel så stor oppslutning som den neste på lista.

Donald Trump

Donald Trump er den mest populære av dei republikanske presidentkandidatane, viser fleire meiningsmålingar.

Foto: NANCY WIECHEC / Reuters

Målinga, der berre registrerte republikanske veljarar og uavhengige som reknar med å støtte partiet, viser at 24 prosent av dei vil gi si stemme til Trump som Det republikanske partiet sin presidentkandidat.

Nummer to på denne målinga er guvernøren i Wisconsin, Scott Walker, som varsla sitt kandidatur for ei veke sidan, med 13 prosent. Like bak han kjem guvernøren i Florida, Jeb Bush, med 12 prosent.

Kontroversielle utspel

Senator John McCain.

- John McCain (biletet) er ingen krigshelt, sa Donald Trump nyleg.

Foto: YURI GRIPAS / Reuters

I går viste målingar frå USA Today og fleire meiningsmålingsinstitutt at Donald Trump hadde mest støtte , men då med 17–18 prosents oppslutning.

Det var ei overrasking på det politiske miljøet i Washington at Donald Trump, som ikkje har politisk erfaring, varsla at han vil prøve å bli nominert som presidentkandidat. Han har kome med fleire svært kontroversielle utspel, blant anna om meksikanske innvandrarar. Han sa blant anna at Mexico eksporterte valdtektsforbrytarar og andre kriminelle til USA.

For eit par dagar sidan sette han sinna i kok ved å seie at den republikanske politikaren og moglege presidentkandidaten John McCain, som var krigsfange i Vietnam i fem år, ikkje kunne reknast som krigshelt.

John McCain var flygar i marinen og flyet hans vart skote ned over Nord-Vietnam.

– Noko skurrar på Facebooksida til Donald Trump

Neil Young hardt ut mot Donald Trump

Nektar å be om orsaking

Trump har blitt oppmoda om å be om orsaking, men han nektar. McCain sjølv seier at han personleg ikkje treng ei orsaking, men at han burde be familiane til krigsfangane om orsaking.

Meiningsmålinga til Washington Post og ABC er teken opp før Trump kom med krigsfange-fråsegna si, og Washington Post skriv at sidan så mange har teke avstand frå det han sa, så kunne dette ha påverka støtta han har.

Få politiske observatørar trur at Donald Trump har særleg sjanse til å bli Det republikanske partiet sin presidentkandidat, og at om han blir det, så vil han tape klart mot Hillary Clinton i eit presidentval.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt