Trump kom med kraftig kritikk av statsadvokaten i New York, Letitia James då han møtte fram i retten i ettermiddag. Han skulda henne for å vere korrupt.
– Dette er eit forsøk på å øydeleggje for meg i valkampen, sa Trump. Han kalla saka svindel og bedrag, og ei skam for nasjonen. Og han la til:
– Eg trur veljarane forstår dette. Kvar gong eg møter i retten, går eg opp på meiningsmålingane, sa han.
Dommaren, Arthur Engoron blei omtalt som ein «kjeltring».
Donald Trump inne i rettssalen i New York saman med advokatane sine.
Foto: POOL / AFPSpørsmål om erstatning
I ei rettsavgjerd frå 26. september slår dommaren fast at Trump gjorde seg skuldig i bedrageri medan han bygde opp eigedomsimperiet sitt.
Sjølve rettssaka kjem derfor til først og fremst å handle om kor mykje han og dei andre som også er saksøkte, må betale i erstatning. Statsadvokaten har bedt om minst 250 millionar dollar i erstatning.
Tre av dei vaksne borna hans er blant dei medsaksøkte – Donald Trump Jr., Eric Trump og Ivanka Trump.
Donald Trump og tre av borna hans er skulda for omfattande svindel. Frå venstre Eric, Donald Jr., Ivanka og Donald Trump.
Foto: Gary Cameron / ReutersSkal ha blåse opp formuen
Ifølgje avgjerda skal eigedomsselskapet til Trump ha lurt bankar og forsikringsselskap til å tru at eigedommane hans var meir verdt enn dei var, slik at det gav billegare lån, forsikringar og lågare skatt.
Trump skal også «gjentatte gonger» ha blåse opp formuen sin – med opptil 3,6 milliardar dollar (nesten 40 milliardar kroner) – til bankar og forsikringsselskap.
Letitia James, statsadvokat i New York.
Foto: Kathy Willens / AP– Ingen er over lova
– Ingen er over lova, sa statsadvokaten i New York, Letitia James kort tid før rettsmøtet starta. Og ho la til:
– Same kor mektig du er, same kor mykje pengar du trur du måtte ha, er ingen heva over lova.
Trump sin advokat, Alina Habba sa følgjande før møtet starta:
– Vi vil halde fram med å kjempe, i håp om at det er eit minimum av lov og orden her. Sjølv om tiltrua mi til systemet er lita, har eg tru på Donald Trump.
I eit over 200 sider langt dokument hevda statsadvokaten at svindelen omfatta alle delar av Trump-selskapet, inkludert eigedommar og golfbaner.
Tidlegare president Donald Trump snakka med journalistar når dagen blei avslutta for rettsbehandling i ei sivil rettssak i New York måndag 2. oktober 2023
Foto: APDonald Trump har kategorisk avvist skuldingane og hevdar rettssaka er eit politisk angrep mot han, som har fått han ut av valkampanjen.
–Dei har lykkast, dei har fått meg ut av valkampanjen. Eg har vore i rettssalen heile dagen, i staden for å vera i Iowa, New Hampshire, South Caroline eller andre stader, sa Trump då han forlét rettssalen måndag.
Saka kjem truleg til å vare til 22. desember, ifølgje dommaren.