Kranglinga byrja etter skuldingar frå Samuel L. Jackson om at Trump juksar i golf.
Hollywood-stjerna, som er aktuell med den nye Tarantino-filmen «Hateful Eight», hevda Trump ved eit tilfelle prøvde å skjule han hadde slått ballen i vatnet.
– Vi høyrde og såg eit tydeleg plask, sa Jackson. Men Trump lét som ingenting då «caddyen» fann att ballen på land.
Trump: – Kjenner ikkje Samuel L. Jackson
Dette kunne ikkje Trump la passere, og kom med eit motangrep på Twitter i kjend stil:
– Eg kjenner ikkje Samuel L. Jackson, og kan ikkje hugse å ha spelt golf med han. Dessutan gjer han for mange TV-reklamar, kjedeleg. Eg er ingen fan.
Men fleire profilerte tvitrarar kunne fortelje at dette ikkje var riktig. Jackson og Trump har spelt golf saman ved fleire anledningar.
Jackson: – Bill Clinton er mitt vitne
I talkshowet «Late night with Seth Meyers», vart Jackson konfronert med golf-krangelen. Då kunne han røpe at han hadde eit profilert vitne til golf-venskapen med Trump.
Sjølvaste Bill Clinton, som er tidlegare president og ektemann til demokratane sin presidentkandidat Hillary Clinton.
Noko som ikkje gjorde denne smått absurde krangelen mindre pikant
Samtidig kom det bildebevis av Trump og Jackson i hyggeleg samkvem utanfor golfbana.
Så ein skulle tru at Trump måtte sjå seg slått i Twitter-ordskiftet. Men den gang ei. Jackson laga framleis elendige TV-reklamar, og han var den verkelege juksemakaren i golf, vart det tvitra frå Trump-leiren.
Samuel L. Jackson ingen Trump fan
Samuel Jackson er ingen tilhengar av Trump, og har tidlegare sagt han vil forlate landet om forretningsmannen blir president.
Han hevdar til og med å ha fått ei urettmessig rekning frå Trump, for golfing som aldri hadde funne stad. Rekninga vart lagt ut på Instagram denne gongen.
Men det er tvilsamt om golfkranglinga vil skade presidentsjansane til Trump. Fleirtalet av tilhengarane, er kvite menn utan høgare utdanning. Mange av dei er taparane i USAs økonomi, og ser på Trump som sin redningsmann. Og dei er ikkje spesielt interesserte i golf heller.
Men golfmiljøet er uroa, for dei fryktar at valkampen til Trump, kan skade omdømmet til golfsporten.