Måndag talte Donald Trump til nasjonen frå rosehagen ved Det kvite hus. Etterpå gjekk han til fots til St. John's Church der han stilte opp til fotografering med ein bibel i handa.
Kritikken har hagla etter at det blei sett inn opprørspoliti for å rydde Lafayette Square, som Trump måtte krysse for å komme seg dit.
No slår Trump tilbake mot kritikken, som har komme både frå politiske motstandarar og religiøse leiarar.
Justisministeren bestemte
– De tar feil! Dersom demonstrantane var fredelege, kvifor sette dei fyr på kyrkja natta før? Folk likte spaserturen min til denne historiske staden, skriv han i ei Twitter-melding som var svar på kritikk frå republikanske senatorar.
Ifølgje Washington Post var det den amerikanske justisministeren William Barr som personleg bad om at demonstrantane skulle pressast vekk frå Lafayette Square.
Barr gjekk saman med Trump og dottera Ivanka til kyrkja.
Omfattande politiaksjon
Direktivet frå Barr førte til at politiet gjekk aksjon med batongar, skjold og tåregass mot ei gruppe demonstrantar som stod fram som fredelege. Politifolk til hest dytta og jaga folk som hadde samla seg for å protestere mot behandlinga av George Floyd, som døydde under ei pågriping i Minneapolis. Det blei også fyrt av gummikuler mot demonstrantane, skriv avisa.
Politiet har seinare opplyst at det blei brukt røykgranatar og peparspray, og avvist at dei brukte tåregass. I USA har det oppstått ein diskusjon om korleis ein skal omtale politiet sin handlemåte. Tåregass blir gjerne brukt som ei samlenemning som også omfattar røykgranatar og peparspray, ifølgje CDC (Centers for Disease Control and Prevention).
- Les også:
- Urix forklarer:
Nyheitsbyrået Ap melder at Trump også gav ordre om at militære helikopter skulle fly over demonstrantane for å «vise styrke». Byrået har tenestemenn i forsvarsdepartementet som kjelde.
Biskopen kritiserer
Washington-biskop Mariann Edgar Budde fordømte Trump sin handlemåte.
– Presidenten har akkurat brukt ein bibel og ei av kyrkjene i mitt bispedømme som bakteppe for ein bodskap som er i strid med Jesu lære og alt som kyrkja vår står for, sa ho.
Også guvernøren i New York, Andrew Cuomo, kritiserte Trump for å «bruke militær makt for å presse bort fredfulle demonstrantar slik at han kunne få ein fotoseanse ved kyrkja».
– Det er rett og slett berre eit reality-show for denne presidenten, skreiv Cuomo på Twitter.
– Vondt å sjå
Presidenten får også kritikk frå sine eigne. Fleire senatorar frå Det republikanske partiet gjekk tysdag ut med skarp kritikk av Trump.
- Les også:
– Det var vondt å sjå fredelege demonstrantar bli utsette for tåregass berre for at presidenten skulle kunne krysse gata til ei kyrkje eg trur han har besøkt berre ein gong tidlegare, seier senator Susan Collins frå Maine.
Oklahoma-senator James Lankford kalla Trump sin spasertur «konfronterande», og i strid med bodskapen frå rosehagen om nasjonal smerte, rasisme, og støtte til fredelege demonstrasjonar.
Får støtte
Men sentrale republikanarar gir Trump full støtte.
Senator John Cornyn, som sit i leiinga for Det republikanske partiet, seier at demonstrantane måtte fjernast av omsyn til tryggleiken.
– Demonstrantane nekta å fjerne seg sjølv om dei fekk beskjed om å gjere det, seier han til CNN.
Senator Marco Rubio, som er fungerande leiar for Senatets etterretningskomite, seier at han ikkje har problem med bruken av tåregass mot demonstrantane.
– I lys av det vi har sett framfor Det kvite hus dei siste nettene, svært farlege og valdelege situasjonar, så har eg ikkje det, sa han.
Han sa at demonstrantane «profesjonelle agitatorar».
– Dei visste at politiet måtte komme, og at det ville føre til bruk av tåregass. Det var ein provokasjon tilrettelagt for riksdekkande TV, sa han.
Etter publisering har vi lagt inn lenke til politiet, Forbes og CDC sine nettsider, og endra ingressen.