Donald Trump avviser at Det republikanske partiet er splitta: – Det var ein kjærleiksfest!

Trump avviser den knusande kritikken frå den republikanske senatoren Jeff Flake frå Arizona. Trump meiner Flake var ein elendig senator, og at republikanarane aldri før har stått meir samla.

Trump Donald Trump

INGEN URO I PARTIET: Donald Trump avviser at det er konfliktar i Det republikanske partiet.

Foto: Andrew Harnik / AP

Det var i går senator Jeff Flake kunngjorde han ikkje ville søke attval, med eit kraftig angrep på Donald Trump frå talarstolen i det amerikanske senatet.

– Eg vil ikkje vere medskuldig når neste generasjon spør oss: Kvifor gjorde du ingenting?, sa senator Jeff Flake frå talarstolen på Capitol Hill i går.

COMBO-US-POLITICS-FLAKE-CORKER-TRUMP

TREKANTDRAMA: Frå venstre, senator Bob Corker, president Donald Trump og senator Jeff Flake

Foto: ZACH GIBSON / AFP

Trump: – Det var ein kjærleiksfest

Også den republikanske leiaren i utanrikskomiteen, Bob Corker, kom med ein kraftsalve mot Trump i går. Og kommentatorane byrja snakke om ei krise i partiet.

Men i møte med pressen i dag avviser Trump dette som «fake news», og seier at Det republikanske partiet aldri før har stått meir samla.

Han viste til det han kalla eit hyggeleg møte:

– I går møtte eg nesten alle senatorane. Eg snakka med John McCain om militæret vårt, eg kallar det ein kjærleiksfest, det var nesten ein kjærleiksfest,
kanskje det var ein kjærleiksfest, og det var ståande applaus.

Laster Twitter-innhold
Donald Trump prøver å skaffe flertall for skattekutt

– Ser du på demokratane med Bernie Sanders og Hillary Clinton, det er eit kaos der, sa Trump til reporterane.

Trump: – Flake gjorde det rette

I talen sin sa Flake at «Det finst stunder der vi må ofre karrierane våre for prinsippa våre».

Trump går langt i å hevde at Flake var ferdig som politikar uansett:

– Han har elendig oppslutning på meiningsmålingane, han her gjort ein elendig jobb for folket i Arizona, ein delstat som liker Donald Trump veldig mykje.

– Så Flake gjorde ein smart ting for seg sjølv, no kjem han ut av det med litt av æra i behald.

Trump trur til og med at han vil tene på kritikken frå Flake.

– Eg trur eg vil bli meir populær i Arizona, fordi Flake var så upopulær,
eg er uansett populær i Arizona, folk der vil ha tryggleik på grensa, så eg trur eg er godt hjelpt i Arizona av det som skjedde med senator Flake.

– Bannons tredje skalp

Ifølgje NBC News så er Flake den tredje skalpen til den sokalla Bannon-vingen i Det

Breitbart på Twitter

BREITBART FEIRAR PÅ TWITTER: Ein noko uvanleg tweet frå ein nyheitsportal, etter at Flake ikkje tek attval.

republikanske partiet.

Flake var hardt pressa av minst ein «Bannon-kandidat».

For Trumps tidlegare sjefstrateg er tilbake i den høgrepopulistiske nettavisa Breitbart News, som på Twitter feira skjebnen til Flake.

Ifølgje NBC støttar Bannon ei rekke populistiske kandidatar med pengar og aktivistgrupper, som lausleg er tilknytt Breitbart.

Ifølgje NBC, så er beskjeden frå Bannon og hans allierte krystallklar. Republikanarane i kongressen må stille seg bak Trump, elles så vil det gå dei ille.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt