Hopp til innhold

Dommar vil forby abortpille i USA

I USA kan ei mykje brukt abortpille miste godkjenninga. Eit åtak på vitskapen, seier aborttilhengjarar. Saka har fått enorm merksemd og endar truleg i høgsterett.

Tilhengere av abortrettigheter utenfor rettsbygningen i Amarillo i Texas

Tilhengjarar av retten til abort har demonstrert utanfor domstolen i Amarillo i Texas. Avgjerda har skapt oppstand over store delar av USA.

Foto: David Erickson / AP

Ein føderal dommar i Texas meiner abortpilla mifepristone som blir brukt ved medisinske tidlegabortar, aldri burde vore godkjent. No vil han at pilla skal bli ulovleg i heile USA.

Slike piller står for meir enn halvparten av abortane i USA.

Abortpille Mifepristone

Abortpiller som desse kan bli forbode i USA etter å ha vore i bruk i fleire tiår. Avgjerda blir opp til høgsterett.

Foto: Robyn beck / AFP

Dommar Matthew Kacsmaryk vart utnemnd under president Donald Trump og er kjent som kristen-konservativ og abortmotstandar.

Oppheva godkjenninga

Han fekk saka etter at ein gruppe konservative abortmotstandarar i delstaten gjekk til retten med et krav om at godkjenninga skulle opphevast slik at pilla kunne takast av marknaden over hele landet.

Dommer Matthew Kacsmaryk

Dommar Matthew Kacsmaryk (45) fotografert i Senatet då han vart godkjend i 2017.

Foto: AP

Mifepristone, også kjent som RU-486, vart utvikla på 1980-talet.

Pilla vart greidd ut i USA fire år før ho vart godkjend og teken inn på FDAs liste over tillatne medisinar i 2000. I Frankrike har ho vore i bruk sidan 1987.

Men den konservative dommaren i Amarillo i Texas, meiner USAs legemiddelverk FDA har ignorert utfordringar med pilla. I den 67 sider lange rettsavgjerda argumenterer han for at pilla ikkje har vore forsvarleg granska.

Han har difor oppheva godkjenninga for heile USA, men gitt regjeringa ein sjudagars frist for å gripe inn.

Det betyr at president Joe Biden kan hindre at forbodet trer i kraft. Anken frå Justisdepartementet er allereie sendt til ein appelldomstol, skriv departementet på si heimeside.

Justisminister Merrick Garland uttaler at han er sterkt ueinig i avgjerda frå Texas. Han viser til at ekspertane i FDA seier at mifepristone er eit trygt og effektivt legemiddel.

Departement er opptatt av å verne tilgangen til abort, skriv han.

Presidenten i den amerikanske legeforeininga, Jack Resneck, seier til AFP at det er «uforsvarleg og farleg» å la dommarar blande seg inn i «grundig, bevis-basert vitskap» som ligg til grunn for godkjenning av legemiddel i FDA.

Planned Parenthood, som er den største pro-abortgruppa i USA, seier at dommen frå Texas er eit «overfallsåtak på vitskap».

– Vi burde alle vere rasande over at ein dommar einsidig kan avvise medisinske bevis og FDA si godkjenning av eit legemiddel som var vore i trygg og effektiv bruk i meir enn to tiår, seier gruppa si president, Alexis McGill Johnson.

Aborpillen Mifepristone på en hylle i et apotek i Alabama

Mifepristone har vore godkjent og i bruk i USA sidan år 2000.

Foto: Allen G. Breed / AP

Felte motsett dom

Dersom dommen frå Texas skulle bli ståande, kan det få store konsekvensar også i delstatar der det framleis er tillate med abort. Derfor har grupper som er for abort førebudd seg på at dommen i Texas kunne komme.

Mindre enn ein time etter at dommen fall, bestemte ein annan føderal dommar, i delstaten Washington, at legemiddelverket ikkje kan ta frå mifepristone godkjenninga eller blir vanskelegare å få tak i.'

Der var det ei gruppe demokratiske statsadvokatar som fremma saka der. Dei kravde at legemiddelverket ikkje kan ta mifepristone av marknaden, og fekk medhald i ein førebels hasteavgjerd av dommar Thomas O. Rice, skriv New York Times.

Dermed er det venta at saka hamnar i høgsterett.

Press på abortrettar

Etter at den amerikanske høgsteretten i juni i fjor oppheva den 50 år gamle lova Roe mot Wade, er ikkje lenger abort ein nasjonal rett kvinner i USA har.

I mange delstatar er retten til abort kraftig innskrenka dei siste åra, mellom anna i Texas, Oklahoma, Mississippi, Missouri og Idaho. Helsepersonell risikerer strenge straffar om dei hjelper abortsøkjande kvinner i strid med lova.

I Wyoming vart abortpilla mifepristone forboden i mars.

Delstatane markerte i raudt har signalisert at dei har eller vil stramme inn/forby abort.

Etter at høgsterett oppheva retten til abort, har det vore mykje debatt om pilla som vert brukt til medisinske abortar. Grupper som hjelper kvinner har sendt slike piller til gravide i delstatar er det er abortforbod.

Fleire stadar har antiabort-grupper forsøkt å forby slike postsendingar, men det har vore vanskeleg å få til.

Visepresident Kamala Harris sa i natt at dommen i Texas truar rettane til kvinner over heile USA. President Joe Biden har varsla at han vil forsvare retten til abort heile vegen.

Les også Høyesterett i USA med historisk abortdom

United States Supreme Court overturns the landmark Roe v Wade abortion decision

SISTE NYTT

Siste nytt