Den nye generasjonen kvinner i Iran demonstrerer som aldri før mot det teokratiske regimet i landet.
Videoar på sosiale medium viser jenter heilt nede i 11-årsalderen som rettar open kritikk mot regimet, trass i faren for å bli drepne av politiet.
Eitt klipp viser ei skuleklasse som fjernar biletet av ayatolla Ali Khamenei frå veggen, riv dei sund og set fyr på delane.
Dette biletet frå Twitter skal vise skuleelevar som har teke av seg hijaben og viser fingeren til Iran sin øvste leiar.
– Religiøse leiarar, forsvinn, ropar ei av jentene.
– Dersom vi ikkje står saman, kvar og ein, blir vi den neste Mahsa Amini, ropar ei anna.
Protestar har herja i landet som følge av dødsfallet til Mahsa, ei ung kurdisk kvinne som blei arrestert av moralpolitiet sist månad.
Grunnen skal ha vore at ho viste for mykje av håret sitt, og dermed braut hijabpåbodet.
I si mest alvorlege åtvaring til demonstrantane sidan Mahsa Amini døydde, sa ayatolla Khamenei at «spiren» som var den islamske republikken «no er eit mektig tre, som ingen bør våge å tru at dei kan rive opp etter røtene».
Likevel er det ikkje teikn til at demonstrantane vil gi seg med det første.
Amnesty: «Heilt vanvitig vald»
Heile 26 barn skal ha blitt drepne av det iranske politiet så langt, melder HRANA ifølge AFP. Menneskerettsorganisasjonen, som held til i USA, hevdar at dei yngste av offera er 12 år gamle.
Til saman anslår den at 222 menneske har blitt drepne i eller etter demonstrasjonar i Iran.
Den persiske Independent-avisa tvitra i går kveld at ei jente hadde døydd av indre blødingar etter at politifolk i sivil angreip ungdomsskulen Shahid Girl School i Ardabil.
Ti andre elevar skal ha blitt skadde og frakta til Fatemi-sjukehuset i byen. Sju skal ha blitt arresterte.
– Stadig fleire unge kjem inn. Først kom universiteta, og no kjem skulane, seier generalsekretæren i Amnesty, Jon Peder Egenæs, til NRK.
Han seier dette har ført til at fleire barn blir drepne. Til no har Amnesty dokumentert 23, noko Egenæs meiner sannsynlegvis er lågare enn det reelle talet.
– Dette er barn som er skotne i hovudet, skotne i hjartet, slått i hel med køller. Så protestane spreier seg, men det gjer også den heilt vanvitige valden som iranske styresmakter møter dei med.
«Slutt å drepe oss», står det på munnbindet til ein demonstrant i Iran.
Foto: Hassan Ammar / APDesse unge demonstrantane tilhøyrer stort sett Generasjon Z, altså dei som er fødde mellom 1997 og 2012.
Foreldra og besteforeldra til denne generasjonen hadde også protestar i si tid, men klarte ikkje å felle regimet den gongen.
No, i ei tid der dei aller fleste unge er til stades på sosiale medium som TikTok og Instagram, og fleire av dei drepne har lagt ut videoar på sosiale medium, har protestane også spreidd seg som aldri før.
Flyktar til ei digital verd
– Hei alle saman. I dag kjem vi med ein annleis type video.
Det seier 16 år gamle Sarina Esmailzadeh til sine følgarar på YouTube, i ein video ho publiserte på kanalen sin i sommar. Denne blei nyleg publisert på nytt av avisa IranWire.
I ei fargerik t-skjorte med karakterar frå teikneserien Adventure Time, og med engelske motivasjonsplakatar bak seg, fortel ho at iranske tenåringar har lyst til å leve nett slik som tenåringar i New York eller Los Angeles.
– Kva er behova til ein 16-åring? Sjela hennar er så sårbar. Ho treng godheit, ho treng å elske og bli elska.
– Fridom. Det er her det blir mørkt. Kvifor? Fordi fridom er noko som så mange iranske familiar har nekta døtrene sine.
16-åringen blei slått i hel av politiet under ein protest i Iran, ifølge Amnesty International.
Sarina fortel at ungdommar i Iran har prøvd å flykte frå verkelegheita dei lev i på same vis som ungdommar elles i verda.
– Vi ser på filmar, vi høyrer på musikk, vi gamar og animerer. Vi dykkar ned i dette i timevis og blir absorbert i vår eiga verd. Lukka opplev vi då, i augeblikket.
Hevdar at Sarina tok sitt eige liv
For to veker sidan forsvann Sarina, som mange før og etter henne, under ein demonstrasjon mot regimet.
Ifølge Amnesty International døydde ho etter at tryggingspolitiet slo henne hardt i hovudet.
Ein motorsykkel brenn under demonstrasjonar i Teheran.
Foto: - / AFPStyresmaktene i Iran hevdar på si side at ho gjorde sjølvmord ved å hoppe frå eit bygg.
Ei liknande historie blei sirkulert då Nika Shakarami, også 16 år, dukka opp på kjølerommet på politistasjonen etter å ha forsvunne under ein demonstrasjon.
Familien til ei 22 år gamal kvinne som var kjend i Iran på TikTok, Hadis Najafi, filma ein video på telefonen sin då ho var på veg for å demonstrere. Det melder persiske BBC, som skriv at dei har fått innsyn i videoen.
Hadis Najafi skal ha blitt skoten av politiet i Iran under ein demonstrasjon.
– Eg håpar at om nokre år, når eg ser tilbake på dette, så vil eg vere lukkeleg for at alt har endra seg og blitt betre, skal ho ha sagt.
Familien til Najafi seier ho blei skoten og drepen kring ein time seinare. I ein annan video på sosiale medium, seier mor hennar at ho hadde blitt skoten i hjartet, magen og nakken.
– Ho kom heim frå jobb og sa at ho var svolten, men før ho åt skulle ho ut for å demonstrere for Mahsa Amini, seier mora.
– Ho gjekk på tom mage.
To av dei siste namngitte offera er tenåringsgutane Sina Naderi og Armin Sayadi, som skal vere kompisar. Dei blei skotne i ryggen av tryggingspolitiet under ein protest, ifølge familien til Naderi.
Slektningen som NRK har snakka med, seier han blei arrestert for to veker sidan, og varetektsfengsla i nokon dagar før politiet sleppte han fri.
Etter lauslatinga valde han å demonstrere igjen saman med Sayadi onsdag kveld, og blei då drepen, seier kjelda.
Begge gutane skal ha vakse opp i utkanten av storbyen Kermanshah, og blitt gravlagde torsdag.
«Eg er mor til Mahsa, eg er mor til Sarina»
Torsdag fjerna iranske styresmakter ei biletmontasje frå ei stor reklametavle i Teheran sentrum, med tittelen «kvinnene i mitt land, Iran».
Bileta, som blei vist på Valiasr Square, blei erstatta med ein kvit vegg, etter at minst tre av kvinnene som var med bad om at dei skulle bli fjerna, melder AFP.
Blant dei var atletar, politiske profilar, forskarar og den prisvinnande skodespelaren Fatemeh Motamed-Arya.
Reklamen viste kjente iranske kvinner som hadde på seg hijab.
Foto: STR / AFP– I eit land der unge menneske og små jenter som slost for fridomen sin blir drepne, reknar eg ikkje meg sjølv som ei kvinne, seier ho i ein video på sosiale medium.
– Eg er mor til Mahsa, eg er mor til Sarina. Eg er mor til alle barna som har blitt drepne i dette landet. Eg er mor til heile Iran, ikkje ei kvinne i drapsmennene sitt land.
Filmregissøren Marzieh Boroumand og fjellklatraren Parvaneh Kazemi har også ope kritisert at bilete av dei blei brukt på reklametavla.
– Fjern biletet av meg frå veggen som du undertrykte barn og unge menneske under. Eg kjem aldri til å godta at noko gruppe inne eller ute av landet brukar min kulturelle identitet for si eiga forteneste, skriv Boroumand på sin Instagram-konto.