Nyheitsbyrået AFP skriv at politiet på New Zealand har oppjustert talet drepne etter fredagens terrorangrep i to moskéar i landet, frå 49 til 50.
Etter åtaka vart den antekne gjerningsmannen Brenton Tarrant og to andre personar arrestert med skytevåpen på seg. Politiet har nå konkludert med at dei to ikkje var direkte involverte i angrepa.
– Berre ein person sikta
– Den eine av dei to er lauslaten, mens den andre er sikta for brot på landets våpenlova, seier politikommisjonær Mike Bush på ein pressekonferanse.
– Akkurat no er berre ein person sikta i forbindelse med desse åtaka, seier ein talsperson for politiet.
Al Jazeera skriv at 36 menneske framleis blir behandla for skader dei fekk i åtaket. Identiteten til 15 av dei omkomne er bekrefta. Desse skal vere frå land som Egypt, Pakistan, Bangladesh, Afghanistan og Indonesia.
Debatt om våpenlova
Terroråtaket har ført til at ein debatt om landets våpenlov har blussa opp. Statsminister Jacinda Ardern har allereie lova at lova vil bli endra, og at å stramme inn tilgangen på semi-automatiske våpen kjem til å verte diskutert.
– Det er ikkje tatt nokon avgjerd om lova ennå, men statsministeren har signalisert at vi kjem til å sjå på saka, seier landets statsadvokat David Parker, til Radio New Zealand.
Ifølgje ei undersøking frå 2017 er det 1,2 millionar små handvåpen i omløp i New Zealand. Det utgjer eit våpen for kvar tredje av landets 4,6 millionar borgarar.
Avisa skriv og at alle frå og med 16 år kan søkja om lov til å eiga skytevåpen, mens alle frå og med 18 år kan søke om lov til å eiga militærliknande semi-automatiske våpen.