Hopp til innhold

Brasil: – Ikkje drikk av flaumvatnet

Fleire enn 700 personar er no stadfesta omkomne etter flaumane i Brasil. Myndigheitene fryktar at talet vil stige, og åtvarar om at ein epidemi kan vere på veg.

Dei flaumråka får reint vatn for å hindre epidemi

Dei flaumråka får reint vatn for å hindre at ein epidemi skal bryte ut.

Foto: VANDERLEI ALMEIDA / Afp

Myndigheitene i Brasil fryktar epidemi

Myndigheitene i Brasil fryktar at ein epidemi skal spreie seg etter flaumen.

Foto: Felipe Dana / Ap
Militæret leitar etter omkomne

Militæret leitar i jordskreda. Myndigheitene trur dei kjem til å finne fleire omkomne.

Foto: MAURICIO LIMA / Afp
Fleire hus står framleis i fare for å rase

Fleire hus står framleis i fare for å rase, og myndigheitene prøvar å få folk til å evakuere.

Foto: VANDERLEI ALMEIDA / Afp
Vanskelege arbeidsforhold for helikopterpilotane

Det flaumråka området er fullt av fjelltoppar. Det er vanskeleg å finne trygge landingsplassar, seier helikopterpilotar.

Foto: VANDERLEI ALMEIDA / Afp

Myndigheitene i Brasil fryktar at ein epidemi kan bryte ut i landet, om folk ikkje får i seg reint vatn.

Dei prøvar å hindre folk som ikkje har nok drikkevatn til ikkje å ty til regnvatnet som har samla seg.

I tillegg ønskjer dei at både innbyggjarane i dei flaumråka områda og redningsarbeidarane vaksinerer seg mot stivkrampe og difteri.

Fryktar fleire omkomne

702 er no stadfesta omkomne etter flaumen som førte til mange jordskred i områda rundt Rio de Janeiro.

Verst har det gått ut over områda nord for Rio de Janeiro. I Nova Friburgo er 335 omkomne, og i Tersepolis er dødstala så langt 285, ifølgje den brasilianske fjernsynskanalen Globo.

Men myndigheitene trur at fleire vil bli funne omkomne dei komande dagane. Lokale aviser melder om at minst 100 personar framleis er sakna. I tillegg er mange hundre i fare for å bli tekne av nye jordskred, skriv nyheitsbyrået Reuters.

– Vi rådar folk som bur i dei høgastliggande områda til å forlate heimane sine, seier Rubens Placido i brannvesenet i Nova Freiburgo.

– Der er folk som ikkje vil reise, så vi sjekkar om vi kan få domstolane på vår side, slik at vi kan tvinge dei ut med politihjelp, seier han.

Sju tonn medisin

I snart ei veke har militærhelikopter frakta ut forsyningar og drive redningsarbeid i område som er avstengde etter dei mange skreda som vart utløyste av eit kraftig regnvêr.

Ifølgje myndigheitene er det allereie frakta ut 8000 matpakkar og sju tonn med medisin og anna utstyr.

Telt er på veg til områda for å gi tak over hovudet til dei 13.400 som har mista heimane sine eller har vore nøydde å forlate dei på grunn av flaumen.

Helikopterpilotar fortel at arbeidet slett ikkje er lett. Området er fullt av fjelltoppar og kraftlinjer, og det er få trygge landingsplassar der.

– Eg har aldri floge under så utfordrande tilhøve, seier piloten Adalberto Ortale til BBC.

Soldatar har også starta å sette opp mobile bruer som kan gjere det mogleg å frakte inn tyngre maskiner til ryddearbeidet.

SISTE NYTT

Siste nytt