NRK Meny
Normal

Dødstala stiger på Gazastripa

Dei israelske angrepa fortsetta mot mål på Gazastripa heldt fram i natt. Åtte menneske frå same familie, fire av dei born, vart drepne i eit angrep i Beit Hanun.

Gaza om morgenen lørdag 19. juli

NYE ANGREP: I natt heldt angrepa mot Gaza fram for fullt.

Foto: Lefteris Pitarakis / Ap

AFP melder at over 300 palestinarar er drepne i denne siste runden av krigshandlingar, som har halde på i rundt ei og ei halv veke.

Dei fleste av dei drepne er sivile, og mange av dei er born. Det er ikkje gjort framgang i forsøka på å få til ei våpenkvile. Frankrike har bede Qatar, som har eit godt forhold til Hamas på Gazastripa, om å prøve etter at Egypt ikkje lukkast i sine forsøk.

I NRKs Nyhetssenter får du fortløpende nyhetsoppdateringer.

Hamas avviser våpenkvile

ISRAEL-PALESTINIAN-CONFLICT-GAZA

Israelsk statsminister Benjamin Netanyahu truar med å trappe opp angrepa mot Gazastripa.

Foto: ODED BALILTY / Afp

Den islamistiske organisasjonen Hamas, som har makta på Gazastripa, nektar å gå med på ei våpenkvile. Dei har ikkje anna val enn å kjempe, blir det sagt. Abu Ubaida, talsmann for den væpna greina av Hamas, seier dei har fleire tusen krigarar som berre ventar på å kome i kamp.

Israelsk statsminister Benjamin Netanyahu varsla tidlegare i kveld at Israel planlegg ei. opptrapping av krigen mot Hamas I går sende landet for første gong bakkestyrkar inn på Gazastripa. Då vart det sagt at hovudmålet med bakkeinvasjonen var å øydeleggje tunnelane mellom Gazastripa og Israel.

I går greidde 13 væpna palestinarar å ta seg inn i Israel gjennom ein slik tunnel, men dei vart oppdaga av israelske soldatar. Ein av dei vart drepen, medan dei andre greidde å flykte tilbake til Gazastripa.

Israelske stridsvogner nord på Gazastripa.

Israelske stridsvogner på grensa til den nordlege delen av Gazastripa.

Foto: RONEN ZVULUN / Reuters

– Angreip 150 mål

Under aksjonen mot Gazastripa i dag vart ein israelsk soldat drepen, men den israelske hæren trur han kan vere skoten av sine eigne ved eit uhell. Tidlegare denne veka vart ein sivile israelar drepen i eit rakettangrep.

Den israelske hæren opplyser i kveld at dei i løpet av dagen har angripe rundt 150 mål.

Samstundes held rakettangrepa mot Israel frå Gazastripa fram for fullt.

Meldingane frå Gazastripa i kveld tyder på at Israel har intensivert angrepa sine mot enklaven. CNN har meldt at ni menneske vart drepne i løpet av ein time.

Det er blant anna snakk om 21 utskytingsrampar for rakettar og fire tunnelar. 17 militante palestinarar er drepne, blir det opplyst, medan 13 andre er arresterte

– Hjarteskjerande scener

Det israelske forsvaret seier dei gjer alt dei kan for å unngå sivile tap, men likevel er ein stor del av dei drepne sivile. Mange av dei er born.

Helsearbeidarar på Gazastripa fortel om hjarteskjerande scener på sjukehusa. Drepne og såra menneske i alle aldrar kjem inn, og mange er hardt såra. Den norske legen Mads Gilbert seier at dei drepne og såra som kjem inn er i alle aldersgrupper. Han fortel at natt til fredag var ille, og han fryktar at komande natt vil bli minst like forferdeleg.

LES OGSÅ: Tør ikke gå ut i gatene i Gaza

LES OGSÅ: Fullt militært angrep på Gazastripen i natt

Israelske soldatar gjer seg klare til å gå inn på Gazastripa.

Israelske soldatar gjer seg klare til å gå inn på Gazastripa.

Foto: BAZ RATNER / Reuters

Ban Ki-moon vil mekle

FNs generalsekretær Ban Ki-moon.

FNs generalsekretær Nak Ki-moon reiser til Midtausten for å prøve å mekle laurdag.

Foto: LUKAS BARTH / Reuters

Ein FN-talsmann i New York opplyser i kveld norsk tid at FNs generalsekretær Ban Ki-moon laurdag vil reise til Midtausten for å prøve å forhandle fram ein avtale om våpenkvile. Han vil gjere dette i samarbeid med land i regionen og internasjonale aktørar, heiter det.

Leiar for politiske saker i FN, visegeneralsekretær Jeffrey Feltman, sa på eit møte i Tryggingsrådet i FN i dag at FN er uroa over det harde israelske svaret på rakettangrepa frå Gaza, men gav samstundes Hamas skulda for at den fem timar lange våpenkvila torsdag vart broten.

– Israel har legitime tryggingsbehov, og vi fordømmer dei vilkårlege rakettangrepa frå Gaza mot Israel som, – Granater og raketter er avfyrt mot Israel under våpenhvilen sa Feltman under møtet.

LES OGSÅ: NRKs overtramp

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt