Hopp til innhold

Dødstala stig i Mosambik – stor fare for kolera

Flaumvatnet er på veg tilbake, men talet på omkomne stig dag for dag etter syklonen «Idai», som har ramma hardt i Mosambik og Zimbabwe. FN åtvarar om overhengande fare for eit kolerautbrot.

Syklon i Mosambik.

Først la syklonen husa i grus. Deretter kom regnet og flaumen, som førde med seg forureina vatn. Resultatet kan bli ein koleraepidemi på toppen av alt.

Foto: Wikus De Wet / AFP

Det offisielle talet på omkomne etter syklonen og flaumen som fylgde kom i dag opp i 732. 417 av desse i Mosambik, resten i Zimbabwe og Malawi. Samstundes er fleire hundre menneske framleis sakna.

Styresmaktene i Mosambik reknar med at talet på omkomne vil bli over 1000.

Norsk innsamling

Thomas Syvertsen

Thomas Syvertsen i Røde Kors seier at det norske bidraget i første omgang blir økonomisk hjelp til den internasjonale operasjonen i Mosambik.

Foto: Røde Kors

Seniorrådgjevar Thomas Syvertsen i Røde Kors i Noreg seier til NRK at deira respons til katastrofen i første omgang er økonomisk. Organisasjonen har alt samla inn 3,5 millionar kroner frå norske privatpersonar, pengar som går inn i den store internasjonale operasjonen som er sett i verk.

Han fortel at Canada og Tyskland har hovudansvaret for å setje opp feltsjukehus, men operasjonen vil også fokusere på det store behovet for tilgang til reint vatn. Røde Kors har som mål å skaffe naudhjelp til 75.000 menneske, samt å sikre behovet for reint vatn til 15.000.

Dei andre humanitære organisasjonane har også starta arbeid i områda som er ramma av «Idai».

Byen har forsøkt å tilpasse seg klimaendringar - no er den nesten utradert

Syklon i Mosambik.

Tusenvis av menneske oppheld seg i ruinane av bygningar i hamnebyen Beira ved Indiahavet.

Foto: Tsvangirayi Mukwazhi / AP

– Like ille som Syria

Syklon i Mosambik.

Ein mann og ei jente vassar i flaumvatnet i Beira.

Foto: Siphiwe Sibeko / Reuters

Talsmann for FNs matvareprogram, Herve Verhoosel, seier at dei har sett i gang ein stor hjelpeoperasjon, men at dei treng internasjonal hjelp for å få inn nok naudhjelp. Han karakteriserer resultatet av naturkatastrofen som ei humanitær krise på line med det som skjer i Jemen, Syria og Sør-Sudan.

Det var fredag for åtte dagar sidan at den uvanlege kraftige og øydeleggjande syklonen slo innover hamnebyen Beira og området rundt i Mosambik. Syklonen raserte store delar av Beira, ein by på storleik med Oslo.

Augevitne har fortalt at så mykje som 90 prosent av byen kan vere rasert. Syklonen la bygningar i grus, vegar og bruer vart raserte og straumforsyninga kollapsa. Og i kjølvatnet av syklonen kom enorme mengder regn, og det førde til flaum.

Uveret heldt fram si dødelege ferd inn i Zimbabwe og seinare også Malawi.

Syklon i Mosambik.

Øydeleggingane som følgje av syklonen «Idai»er enorme.

Foto: Mike Hutchings / Reuters
Døde kyr etter syklonen i Mosambik.

Mange husdyr måtte også bøte med livet i syklonen. Bakteriar frå døde dyr i flaumvatnet aukar fare for utbrot av kolera og andre smittsame sjukdomar.

Foto: Siphiwe Sibeko / Reuters

Kritisk for 600.000

Flaumen har gjort situasjonen kritisk for minst 600.000 menneske, som har mist heimane sine. Verhoosel reknar med at rundt 1,7 millionar menneske er ramma i større eller mindre grad av herjingane til «Idai» i Mosambik, Zimbabwe og Malawi.

I Mosambik har 90.000 blitt overførte til trygge oppsamlingsleirar, medan fleire hundre tusen menneske framleis oppheld seg i og rundt dei øydelagde husa sine. Flaumvatnet er på veg tilbake, men det kan enno gjere stor skade.

Flaumvatnet, som er forureina av blant anna kloakk og døde husdyr, utgjer den største faren akkurat no. Faren for eit utbrot av kolera og andre svært smittsame sjukdomar er stor. Ein koleraepidemi i tillegg til dei massive øydeleggingane er det siste dei treng akkurat no.

Hjelpearbeidarar frå alle dei store humanitære organisasjonane har kome fram til Mosambik dei siste dagane. Det er mangel på det meste. Det er altfor lite mat inne i områda som er ramma, og menneska som bur der har enormt behov for hjelp.

Satellittfoto av Beira i Mosambik.

Satellittfoto viser dei enorme øydeleggingane i hamnebyen Beira i Mosambik.

Foto: DIgitalGlobe / AP
Beira-området sett frå verdsrommet.

Dette biletet frå verdsrommet viser omfanget av flaumen. Dei overfløymde områda er farga raude for å gjere det meir tydeleg.

Foto: Handout / AFP
Beira

SISTE NYTT

Siste nytt