Hopp til innhold

Dødstala stig i California – greier ikkje å stanse flammane

NORTH BEND (NRK): Skogbrannane i California er dei verste nokon gong. 48 menneske er stadfesta omkomne, fleire hundre er sakna og over 8800 hus og bygningar har blitt flammane sitt rov.

Dødstallene stiger og brannmannskap kjemper for å begrense flere intense skogbranner i California. Foto: AP/Reuters

Dødstallene stiger og brannmannskap kjemper for å begrense flere intense skogbranner i California. Foto: AP/Reuters

Verst har det gått i byen Paradise ved foten av Sierra Nevada-fjella mot grensa til Nevada. Her har så godt som heile byen gått med i brannen, og over 26.000 menneske er heimlause . Dei fleste av dei fleire hundre sakna kjem frå denne byen.

Styresmaktene har gitt opp å gi eit eksakt tal på dei som er sakna.

Dei sakna kan ha kome seg til trygge område utan å varsle nokon om det, og det er dette håpet dei evakuerte frå byen klamrar seg til. Men det er stor frykt for at mange av dei sakna kjem til å ende opp i statistikken over omkomne.

Verste brannen nokon gong

Brannen som no herjar i det nordlege California har fått namnet Camp Fire, leirbrannen, og det er den dødelegaste og mest øydeleggande brannen i historia til delstaten. 48 menneske er stadfesta døde, men talet kan vise seg å bli langt høgare.

Korrespondent Anders Magnus forteller at brannfolkene nå kjemper for unngå at skogbrannen ødelegger flere byer i California.

VIDEO: Korrespondent Anders Magnus frå North Bend

Over 5000 brannfolk deltek i sløkkingsarbeidet, opplyser Cal Fire, brannetaten i California.

North Bend i det nordlege California, der NRK sitt reportasjeteam oppheld seg i kveld norsk tid, på føremiddagen lokal tid, ligg litt nord for brannområdet i Butte County, fylket som er verste ramma av brannen. Her ligg blant anna byen Paradise.

Det bles kraftig her, røyken ligg tett, og dei lokale styresmaktene fryktar at vinden skal gjere at brannen spreier seg til nye, større byar. Med lagnaden til Paradise i frisk minne er mange redde for at ein endå større by skal ende opp som ein rykande ruinhaug.

Dødsbrann i California krever nye liv: Fjellby og filmsett har brent til grunnen

Edgewood Lane i Paradise.

Den utbrende byen Paradise i Butte County i California.

Foto: Noah Berger / AP
Nasa-bilete av Paradise.

Dette biletet frå Nasa viser den nedbrende byen Paradise sett frå verdsrommet.

Foto: Ho / AFP

Røyklegg store område

Også i delstatshovudstaden Sacramento, som ligg to timar med bil frå brannområdet, ligg røyken tett. Skulane i byen har fått ordre om å halde elevane inn i friminutta og å avlyse alle uteaktivitetar i regi av skulen inntil vidare. Dette på grunn av røyken.

Mange av dei omkomne er funne i utbrende bilar og i ruinane av nedbrende hus. Fleire er funne døde ved sida av bilane sine. Dei rakk aldri å køyre vekk før røyken frå brannane kvelte dei.

Det ser ikkje ut til at brannmannskapa skal greie å sløkkje brannane med det første. Situasjonen er verst i Butte County, men også i det sørlege California er det mange som har mist heimane sine. Byen Malibu, der det bur mange skodespelarar og andre artistar , er hardt ramma.

Neil Young mot Trump

Neil Young

Neil Young meiner brannkatastrofen som herjar California har si årsak i dei globale klimaendringane.

Foto: Rich Fury / AP

Ein av dei som har mist huset sitt i byen er den verdskjende artisten Neil Young. Han er ein av mange som har reagert kraftig på at president Donald Trump har sagt at dårleg skogforvalting er einaste årsaka til brannkatastrofen i California.

– Få orden på skogforvaltinga, elles kan det bli slutt på føderale pengar, skreiv Trump på Twitter.

Neil Young, som også tidlegare har gått hardt ut mot Trump, var kjapt ute med å seie at brannane som no herjar den største delstaten i USA, ikkje har noko med måten skogen blir stelt på gjere.

Årsaka til brannane er klimaendringane med stadig varmare og tørrare ver og meir vind, meiner han.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt