NRK Meny
Normal

Dødstala stig før våpenkvila i Ukraina

Vel eit døgn før våpenkvila i Aust-Ukraina skal ta til å gjelde, stig talet på døde. 18 menneske er drepne i kampar etter at avtalen blei signert.

Soldatar frå den ukrainske hæren nær Debaltseve.

Soldatar frå den ukrainske hæren nær Debaltseve.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

– Vi er langt unna fred, seier presidenten i Ukraina, Petro Porosjenko.

– Ingen er overbeviste om at det vi blei samde om i Minsk vil bli følgt opp til punkt og prikke, seier han.

I Moskva seier ein talsmann for president Vladimir Putin at han forventar at alle partar respekterer avtalen. Dmitry Peskov seier også at Putin, Porosjenko, den tyske forbundskanslaren, Angela Merkel og presidenten i Frankrike, François Hollande planlegg å snakke saman på telefon laurdag kveld, like før avtalen skal ta til å gjelde.

Mange drepne

Men trass i at tidspunktet for våpenkvile nærmar seg, held kampane fram. Sju av dei 18 som er drepne i løpet av det første døgnet etter forhandlingane, var sivile. Elleve var soldatar i regjeringshæren eller hos dei russiskvennlege utbrytarane. I tillegg er 40 menneske såra i samanstøytar.

EUs leiarar opprettheld presset mot Russland, sjølv etter fredsavtala om Ukraina. Nye sanksjonar trer i kraft som planlagt på måndag. Våpenkvila skal etter planen gjelde om to dagar.

I byen Sjtsjatsja utanfor Luhansk blei ein kafé treft av ein granat, ifølgje dei Kiev-kontrollerte styresmaktene i området. Minst to sivile blei drepne.

Opptrapping

– Varmeanlegget i byen er øydelagt og straumlinjene og vassleidningane er brotne, seier ein talsmann for styresmaktene til nyheitsbyrået Reuters.

Også i Donetsk blei det høyrt nye granatangrep fredag, men det er ikkje rapportert om skadde der, ifølgje BBC.

Forsvaret i Ukraina hevdar at separatistane set inn fleire soldatar ved ulike sentrale konfliktområde, trass i avtalen om å trekkje våpen ut av området etter våpenkvila.

Våpenkvila skal ifølge fredsplanen ta til å gjelde ved midnatt natt til søndag lokal tid (laurdag klokka 23 norsk tid). EU vurderer å innføre fleire straffetiltak mot Russland dersom avtalen ikkje blir respektert. Russland på si side meiner dei ikkje har noka direkte rolle i konflikten, men at dei vil bidra konstruktivt til ei løysing.

Over 5.400 menneske er drepne sidan uroa i Aust-Ukraina for alvor tok til i april i fjor.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt