Hopp til innhold

Dødsstraff på retrett i USA

Sjølv om innbyggarane i Nebraska i valet 8. november stemte for å gjeninnførte dødsstraff i delstaten, går talet på slike avrettingar ned i USA.

Båre i eit avrettingskammer

Her frå eit avrettingskammer i Oklahoma. Det er den delstaten som har avretta flest dødsdømte. Dei var også dei første til å innføre giftsprøyte som avrettingsmetode.

Foto: Sue Ogrocki / Ap

– Di lenger tid delstatar går utan avrettingar, di vanskelegare blir det for dei å halde fram, seier Robert Dunham, leiar for The Death Penalty Information Centre, til NRK.

Etter at politikarane i delstaten Nebraska vedtok å avskaffe dødsstraff i mai i fjor la guvernør Pete Ricketts ned veto. Han sørga for å få gjeninnføring av dødsstraff inn som punkt til folkeavstemming på valdagen 8. november, og fekk støtte av folket i si sak.

Men trass i at Nebraska med unntak av det siste halvanna året stort sett har hatt dødsstraff, har ikkje nokon fange blitt avretta i staten sidan 1997. Dette er tendensen også i fleire av dei 31 andre delstatane som praktiserer dødsstraff.

sjå kveldens Urix om dødsstraff

Visste du at flere mennesker i verden ble henrettet i fjor enn noen gang de siste 25 år? Og at tre nye land har begynt å bruke dødstraff igjen? Urix forklarer, om dødstraff i Tyrkia og i resten av verden

Sjølv om færre blir avretta i USA, har tre land det siste året innført dødsstraff. Iran, Pakistan og Saudi-Arabia er dei som avrettar flest.

Dødsstraff på papiret

– Når ein stat ikkje har avretta nokon på lang tid startar folk å stille spørsmål ved kvifor ein har dødsstraff, seier Dunham, og legg til at mange statar berre har dødsstraff på papiret.

For sjølv om 61 % av innbyggarane som stemte for å gjeninnføre dødsstraff i Nebraska, er støtta generelt dalande. Ifølge nye tal frå Pew Research Center er det no 49 prosent av amerikanarane som støttar dødsstraff. Det er første gong på over 40 år at under halvparten støttar dødsstraff. 42 prosent er mot.

I tillegg har sju statar det siste tiåret enten erklært dødsstraff grunnlovsstridig eller avskaffa det gjennom statleg lovverk.

Robert Dunham

OPTIMISTISK: Trenden går mot mindre bruk av dødsstraff i USA seier direktør for The Death Penalty Information Centre, Robert Dunham.

Foto: NRK

– Når du tel statar som har dødsstraff på papiret men som ikkje har avretta nokon på ti år, og du legg til statane som har avskaffa dødsstraff er det faktisk eit fleirtal av delstatane i USA som ikkje praktiserer dødsstraff, seier Dunham.

I fjor var talet på avrettingar 49 – det lågaste sidan 70-talet. Dunham seier at tala så langt i år vitnar om at trenden held fram, med 35 avrettingar estimert i år.

Sist ut var ein 54 år gammal mann avretta i delstaten Georgia onsdag i førre veke.

Overlevde dødsdommen

Men sjølv om talet på avrettingar går ned, er det mange som blir sittande i limbo. Nokre avrettingar har blitt utsette fordi ei rekke legemiddelselskap har lagt ned forbud mot å bruke deira legemiddel. Rundt 3000 sit på dødscelle i USA i dag.

Nokre få slepp fri.

Tre som var dømde til døden, men slapp fri.

Desse tre overlevde ein dødsstraff. Her fortel dei korleis det var på innsida av dødscella.

Ndume Olatushani er ein av dei 150 menneska som er slept fri frå dødscella i USA. No driv han med aktivisme mot dødsstraff, og er opptatt av rasedimensjonen. Fem gonger så mange svarte som kvite sit fengsla i USA, ifølge ein rapport frå The Sentencing Project.

– Eg var ein ung svart mann. Eg blei skulda for å drepe ein framståande kvit person, fortel han NRK om det som skjedde i Memphis, Tennessee i 1985.

– Om du kan førestille deg å vere i ei fengselscelle ... Fire fot brei, ti fot lang. Eg var i cella 23 timar i døgnet. Kvar gong eg slapp ut av cella fekk eg handjarn og fotlenker – lenka saman som eit innbilt monster.

Han fortel at kunsten redda livet hans.

– Sjølv om eg var i desse fargelause omgivnadane kunne dei ikkje stoppe fargane eg hadde i hovudet mitt. Så når du ser på kunsten min er det alltid mykje farge der.

Bilete laga av Ndume Olatushani

Kunsten tilførte farge i ein mørk kvardag på dødscella for Ndume Olatushani.

SISTE NYTT

Siste nytt