NRK Meny
Normal

Seks delstatar har avvikla dødsstraff på fem år

Guvernøren i den amerikanske delstaten Connecticut signerte i går ein lov som avviklar dødsstraff. Det er den sjette delstaten som dei siste åra har avskaffa den kontroversielle avstraffingsmetoden.

Death Penalty March Laura Ahrens, Ian Douglas

Biskopene Laura Ahrens (t.v.) og Ian Douglas (t.h.) leia ein demonstrasjon mot dødsstraffen utanfor delstatsparlamentet i Hartford, Connecticut, 3. april i år.

Foto: Jessica Hill / Ap

Den demokratiske guvernøren i Connecticut, Daniel Malloy, signerte den historiske lova bak lukka dører, utan noko form for seremoni eller markering.

– Dette er ein historisk augneblink. Connecticut blir no ein del av 16 delstatar og resten av den industrialiserte verda ved å avskaffe dødsstraffa. Det er eit høve for refleksjon, ikkje feiring, sa Molloy i ein pressemelding.

Mange har avskaffa dødsstraff

Det er likevel berre ein person som har blitt avretta i Connecticut i løpet av dei siste 50 åra. Men 11 personar sit for tida på «death row», og dei kan framleis risikere å bli avretta. Lova har nemleg ikkje tilbakeverkande kraft.

Sjølv om avretting framleis går føre seg i stor skala i enkelte delstarar, er det tydeleg å sjå eit skifte i bruk av dødsstraff i USA den seinare tida. Heile fem andre delstatar har no avvikla lova dei siste fem åra; Nebraska, Illinois, New Jersey, New Mecixo og New York.

California, som er den mest folkerike delstaten i USA, skal halde ein folkeavstemming i november om dødsstraff framleis skal vere i kraft. Heile 704 menneske ventar på å bli avretta i California, det høgste talet i heile USA.

Texas står for ein fjerdedel

I tillegg til dei 16 delstatane som har avvikla dødsstraff er det også mange delstatar som i praksis ikkje har nytta seg av den dei siste åra. Ser ein USA under eitt, er det tydeleg at det er nokre få statar som står for det store fleirtalet av avrettingar. Texas står i ein særstilling.

Av dei 43 som vart avretta i USA i 2011 så sto Texas for 13 av dei, meir enn ein fjerdedel. Også Alabama og Ohio står for mange av avrettingane, med høvesvis seks og fem avrettingar.

– Ein klar tendens

Jan Arild Snoen, skribent i Minerva

Jan Arild Snoen har tru på at også California kjem til å avvikle døddstraffen ved folkeavstemminga som skal skje i november.

Foto: Marit Hverven / NRK

Skribent i det konservative tidsskriftet Minerva, Jan Arild Snoen, ser ein klar tendens i utviklinga i dødsstraffa i USA.

– Me ser ein langvarig utvikling i same retning, både at det er fleire statar som formelt avskaffar dødsstraff og at andre statar i veldig liten grad faktisk utfører dødsstraffane. Det er ein klar tendens i USA, om ikkje med utfasing, men iallfall reduksjon, seier Snoen til NRK.no.

Snoen trur det er sannsynleg at innbyggjarane i California vil stemme for å avvikle dødsstraffa. Men om dette vidarefører seg til andre statar på kort sikt er Snoen litt meir usikker over.

– Det er klart at dette er ein viss endring i amerikansk opinion som slår inn over fleire statar, men det er framleis opplese og vedteke at det er eit skilje her mellom demokratane og republikanarane.

Ikkje tema for presidentvalkampen

Snoen trur ikkje at trenden vil føre til ein debatt i den pågåande presidentvalkampen. For det første er det gjennom den amerikanske grunnlova lite dei føderale styresmaktene kan bestemme i høve til dødsstraff, og for det andre peiker han på at både Barack Obama og Mitt Romney, som ser ut til å vinne den republikanske nominasjonskampen, beggje er tilhengjarar av dødsstraffa.

– Det er relativt få sentrale politikarar som går inn for føderal avvikling av dødsstraffa. Obama er sjølv tilhengjarav dødsstraff i ekstreme tilfelle. Han har sagt at dette er eit uttrykk for rettferd, seier Snoen.

Ole Moen, professor i amerikansk historie

Professor Ole Moen trur det er langt igjen til dødsstraffen er fjerna i heile USA.

Foto: Universitetet i Oslo

Her får han støtte av professor i Nord-Amerikastudier, Ole O. Moen.

– Debatten er ikkje moden for nasjonal merksemd i særleg grad. Kandidatane er avhengig av å vinne delstatane der dødsstraff er populært.

Likevel peiker Moen på at det generelt framleis er stor støtte for dødsstraff i USA.

– Opplyste amerikanarar tykkjer ikkje det er noko stas å bli samanlikna med land som Kina og Iran. Men det er framleis eit fleirtal som er for dødsstraff, der det er mykje magekjensle og lite rasjonell tankegang som ligg bak.

Mykje mediemerksemd

Dei siste månadene har det vore fleire medieoppslag om avrettingar av fangar som mange meiner har vore uskuldig dømt.

I fjor haust vart Troy Davis avretta med ein giftsprøyte i Georgia for å ha drepe ein politimann. Han hevda heile tida sin uskuld, og sju av ni vitne trakk forklaringa si i samband med saka.

Davis-saka verserte i rettssystemet i USA sidan 1991. Saka fekk svært mykje merksemd, og Davis har blitt eit symbol i ein internasjonal kampanje mot dødsstraff.

Timothy Shaun Temple vart avretta i Oklahoma i mars, og den norske familien hans engasjerte seg sterkt i saka som dei meinte var eit justismord. Det førte mellom anna til at utanriksminister Jonas Gahr Støre sendte eit brev der han oppfordra delstatsstyresmaktene om å utsetje avrettinga.

Spørsmålet om dødsstraff har også vore oppe i norsk media dei siste vekene, etter at det vart kjend at ein av meddommarane i terrorrettssaka mot Anders Behring Breivik opent gjekk ut og støtta dødsstraff i Noreg.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt