Hopp til innhold

Dødsdømd for valdtekt: – Det var hennar eigen feil

Mukesh Singh, ein av seks som er dømde til døden for ei mykje omtalt massevaldtekt i India, seier i eit intervju frå dødscella at kvinner er langt meir ansvarlege for valdtekt enn menn.

Demonstrasjon mot voldtekt i New Delhi.

Gruppevaldtekta mot 23 år gamle «Joyti» utløyste mange store demonstrasjonar for kvinner sine rettar i India. Her frå ein demonstrasjon i New Delhi.

Foto: Altaf Qadri / Ap

Ein 23 år gammal kvinneleg fysioterapistudent, «Joyti», var på veg heim frå kino saman med ein mannleg ven då dei fekk skyss av ein minibuss i den indiske storbyen New Delhi. Kvinna vart brutalt mishandla og valdteken av dei seks mennene i bussen, og ho døydde seinare av skadane. Venen hennar vart alvorleg mishandla.

Dei to vart kasta ut av bussen i fart. Etter 13 dagar med intensiv behandling døydde den unge kvinna på eit sjukehus i Singapore. Venen hennar vart alvorleg såra, men greidde å vitne mot mennene i bussen i rettssaka.

– Hennar eigen feil

Dømde for valdtekt og drap i New Delhi.

Dødsdømde Mukesh Singh meiner kvinna sjølv må ta ansvaret for at ho vart valdteken og drepen.

Foto: Uncredited / Ap

Mukesh Singh hevdar at det var han som køyrde bussen, og at han ikkje var med på sjølve valdtekta. Han vart ikkje trudd av retten. Han seier at det var den 23 år gamle kvinna sin eigen feil at ho døydde etter valdtekta, «eit uhell» fordi ho var ute på eit tidspunkt ho ikkje burde ha vore ute.

Ei anstendig jente ville ikkje ha farta ute klokka ni på kvelden. Ei jente er langt meir ansvarleg for ei valdtekt enn det mannen er. Kvinner og menn er ikkje likestilte, seier Singh i intervjuet med BBC-programmet Storyville.

Det er avisa The Independent som har omtalar intervjuet, som skal sendast i samband med Den internasjonale kvinnedagen 8. mars. Programmet skal setje søkjelyset på situasjonen for kvinner i India.

Unge indiske kvinner danner borgervern

– Lære ei lekse

– Jenter skal passe huset og drive husarbeid, ikkje farte rundt på diskotek og barar, gjere dårlege ting og ha på seg feil klede, seier han i intervjuet. Han legg til at berre 20 prosent av alle jenter oppfører seg skikkeleg.

Han påstår også at valdtekta vart gjennomført for å lære den kvinnelege 23-åringen og venen hennar ei lekse, og at det såleis var hennar eigen feil at ho vart drepen.

– Når ein blir valdteken, bør ein ikkje kjempe imot. Ho burde ha halde kjeft og latt det skje. Då hadde ho ikkje mist livet, seier Singh.

– Indiske jenter kan skylde seg selv

– Farlegare for jenter

Han presterer også å seie at dødsdommane mot han og kameratane, og mot andre dømde for valdtekt, vil gjere det farlegare for framtidige valdtektsoffer.

– Når dei valdtek no, spesielt dei kriminelle, vil dei ikkje late jenta gå – dei vil drepne henne, seier han.

Krever harde straffer etter dødsfall i India

- Denne vondskapen skulle ingen menneske måtte oppleve

SISTE NYTT

Siste nytt