Dødens pilot tatt

Han blei kalla 'dødens pilot', Juan Carlos Bossi likte å kalle seg 'doktoren'.

Foto: REuters

«Dødens pilot» tatt

Han var ein av pilotane på dei frykta dødsflya under diktaturet i Argentina. I meir enn tretti år har han vore på flukt. Nå er Juan Carlos Bossi innhenta av Interpol og fengsla i Colombia.

Bleik og svekka, piloten som tok unge studentar ut på si siste flyreise, har blitt 67 år. Han kalla seg "Doktoren", ynda å kle seg i kvit frakk og kvele unge ofre med blodtrykksmålaren.

Drap unge studentar

Juan Carlos Bossi blei kjent for sine perverse vanar, han gjorde meir enn å følgje ordrar, seier vitne, og var ein av dei mest frykta pilotane for førti år sidan. Namnet hans er å finne på ei liste over dei 52 mest ettersøkte militære frå Argentina. Dei er alle skulda for statsterrorisme.

Juan Carlos Bossi blei kjent for sine perverse vanar.

Argentinske styresmakter har lova ut ein dusør på 32 000 dollar for opplysningar om han.

Nå er mannen som kalla seg "Doktoren" blitt pasient med pustevanskar. Berande på oksygentilførsel blei den lenge ettersøkte dødspiloten arrestert på veg til legen i Medellín. Arrestasjonen gjekk stillferdig for seg, den lenge ettersøkte piloten såg knapt opp da politiet førte han bort.

Arrestert på veg til legen.

Juan Carlos Bossi ynda å kalle seg 'doktoren', nå er han arrestert på veg til legen.

Foto: Reuters

Bossi skal ha lungekreft og må ha pustehjelp, men har levd dei siste par åra i ei luksusleiligheit i den colombianske byen. Han hadde minst fem tilsette i den store bustaden.

Dødsflya var del av statsterrorisme

Argentinas Jorge Videla som diktator i 1978

Militærdiktatoren Jorge Videla var dødspilotens arbeidsgivar.

Foto: EDUARDO DI BAIA / Ap

Etter militærkuppet i Argentina i 1976, kvitta regimet seg med uønskte studentar og venstreradikale ved å sleppe dei ut frå fly over Rio del Mar, dei såkalla dødsflya. I lengre tid i åra etter 1976 drog flya ut med lasta si kvar onsdag. Operasjonen var ein del av det som også er kalla "den skitne krigen". Rundt 30 000 menneske forsvann, dei fleste svært unge.

Når dei arresterte eller bortførte kvinnene var gravide, blei dei ofte ført til hemmelege fødestuer der dei fekk vere til barna var fødde. Så blei dei nybakte mødrene henta til dødsflya, mens mange av dei nyfødde blei stolne og overleverte til falsk adopsjon, ofte av militære.

Dei som hamna på dødsflya blei dopa ned før avreise til flyplassen, og før dei gjekk om bord fekk dei ei sprøyte nummer to. Bevisstlause blei dei unge kledde av før flyluka blei opna, og sendt ned i havet.

Dei militære omtala gjerne sine oftre som "pakkene". Berre eit fåtal av lika dreiv i land, dei fleste forsvann.

Flykta til Spania og levde i luksus

"Doktoren" var ein av fleire pilotar, men klarte å kome seg unna etterforsking ved å rømme landet i 1981. Han forlèt kone og barn og busette seg i Spania under falskt namn. Han skal ha budd mange år i Barcelona, og fordi han også var trena som etterretningsagent, gjekk han under radaren til spanske styresmakter.

Juan Carlos Bossi var ikkje berre "dødens pilot", han var også medlem av den hemmelege etterretningsorganisasjonen PCI, ei avdeling i den militære etterretninga som opererte i sivilt, ifølge politisjefen i Medellin, Juan Gomez,

Politisjef i Medellin

Politisjefen i Medellin, Juan Gomez, har gjort si største fangst: Dødspiloten var øvst på lista over ettersøkte.

Foto: Reuters

Som tidlegare etterretningsagent visste Juan Carlos Bossi korleis han skulle unngå å bli tatt. Han har operert med ei rekke ulike identitetar og med falske dokument.

Politiet mistenker at Juan Carlos Bossi har hatt ei sentral rolle i mange forsvinningar, bortføringar, tortur og anna terrorisering av studentar og radikale grupperingar. Men som ettersøkt har mannen levd eit liv etter alle etterretningsreglar. I alle desse åra skal piloten ha hatt lite eller inga kontakt med den attverande familien i Buenos Aires.

Men truleg har han på eit tidspunkt fått heimlengt og lagt Europa bak seg. I 2008 trur Interpol at Juan Carlos Bossi flytta til Colombia, etter å ha tatt seg ulovleg over grensa frå Panama. Og nok ein gong skaffa han seg ny identitet og falske papir.

I halvtanna år har colombianske interpolagentar overvaka "Doktoren" i Medellín. Dei venta på ein sjanse til sikker identifikasjon og følgde med til legen. Der måtte dødspiloten svare på spørsmål frå den ekte doktoren, og røpa deretter sitt argentinske opphav.

Mødrene til dei forsvunne ventar

I Argentina er det først og fremst interesseorganisasjonen Abuelas de Plaza de Mayo, Bestemødrene på Maiplassen, som har vore pådrivar i å ettersøke og få dei skuldige frå diktaturtida stilt for retten. Dei har også klart å gjenfinne mange av dei rundt 500 stolne barna, ofte nyfødde som vart tatt frå foreldra før deira siste reise med dødsflya.

Laster Twitter-innhold

Det er mange slektningar av dei forsvunne som er klare til å gi vitneprov, og ser fram til ei rettssak. Etter at amnestiet blei oppheva i 2003, har det vore ei lang rekke domsavgjerder med lange straffer for brotsverka under diktaturet.

Blant dei som ventar er Catalina de Sanctis Ovando. Ho er 37 år, men i sine trettito første år levde ho som eitt av dei stolne barna, utan å vite kva som hadde skjedd med sine eigentlege foreldra.

Catalina de Sanctis Ovando

Catalina er blant dei som ventar, mora blei truleg kasta ut av eit såkalla dødsfly

Foto: Sigrun Slapgard / NRK

Mora som fødde henne, Miryam, var berre 21 da ho blei bortført og lagt inn på den hemmelege fødeklinikken.

Etter fødselen tyder alt på at ho hamna på eitt av dødsflya. Det er ingen spor etter henne. Det er heller ingen spor etter faren, Raul.

Catalina de Sanctis Ovando veit ikkje om piloten som nå er tatt har hatt noko med forsvinninga til foreldra å gjere. Men dei siste åras etterforsking og DNA-teknikk har gitt henne store delar av hennar opprinnelege familie tilbake,

Kanskje kan saka med piloten gi henne nye nøklar til kva som skjedde den gongen for 37 år sidan da ho sjølv blei fødd og foreldra forsvann.

I mellomtida sit den lenge ettersøkte piloten i colombiansk fengsel og ventar på utlevering. Det kan ta så lang tid som åtte månader, men nå er det dødspiloten som har det travelt. Han har bede om å bli utlevert omgåande.

"Dødens pilot"

'Dødens pilot' ser knapt opp når han kjem med ei bøn.

Foto: Reuters

Ei siste bøn

Juan Carlos Bossi vegrar seg mot å sjå opp når den frammøtte pressa vil fotografere, og han seier ingenting til mikrofonane. Men den nå så tause og slitne 67-åringen har likevel ei bøn å kome med.

– Eg vil sjå familien min før eg døyr, skal han ha sagt i følgje avisa Herald i Buenos Aires.

Men mannen som kalla seg "Doktoren", og var kjent for å kvele sine unge flypassasjerar med ein gummislange frå det medisinske utstyret, er nå prisgitt ein ekte leges gummislangar for å halde seg i live lenge nok til å møte familien han lèt etter i Argentina for over tretti år sidan.

Der ventar også ei rettssak og ein dom som truleg blir på meir enn livsvarig.