NRK Meny
Normal

Her slår den dødelege tornadoen til

Ein kraftig tornado røska taket av eitt av dei største kjøpesentra i New Zealand tysdag.

Video Tornado på New Zealand

Sjå video av den dødelege tornadoen sine herjingar i New Zealand.

Den kraftige, askegråe virvelvinden røska med seg fleire hustak og sende bilar flygande gjennom lufta i forstaden Albany nord i Auckland.

Det er så langt rapportert om eit dødsfall og eit titals skadde personar som følgje av dei enorme naturkreftene som råka øystaten i det sørvestlege Stillehavet i går ettermiddag lokal tid.

– Me kryssar fingrane for at ikkje dødstalet aukar, og håpar at øydeleggingane er moderate, seier borgarmeisteren i Auckland, Len Brown til Radio New Zealand

«Gigantisk støvsugar»

Eit av dei største kjøpesentra i New Zealand, «Megacentre», stod brått under open himmel då tornadoen passerte med ein hastigheit på 200 kilometer i timen.

Vitne som var til stades ved kjøpesenteret samanliknar tornadoen med «ein gigantisk støvsugar».

– Heile taket letta på seg. Dørene slamra og søppel og andre gjenstandar flaug gjennom butikkane, fortel Diana Roberts, som arbeider på kjøpesenteret.

Helena Campbell var nettopp ferdig med dagens handletur då tornadoen råka.

– Eg gjekk ut for å leggja varene i bilen, men den var ikkje der. Til min store skrekk hadde tornadoen kasta den over muren, fortel Campbell til 3 News.

Katastrofar på rekkje og rad

Også personar som oppheldt seg ute på parkeringsplassen skal ha blitt lyfta opp frå bakken av den sterke vinden.

Amatørvideoar viser store takplater og bygningsmateriell som blir slynga gjennom lufta. Mange innbyggjarar skal ha flykta i panikk og søkt tilflukt i kjellarar og bomberom.

Tornadoen er den siste i ei rekkje katastrofar som har råka New Zealand den siste tida. I september i fjor la to kraftige jordskjelv byen Christchurch i ruinar og tok livet av meir enn 180 menneske. I november vart 29 gruvearbeidarar drepne av ein eksplosjon i kolgruva Pike River.

20 tornadoar i året

Tornadoar er ikkje uvanlege i New Zealand. Auckland blir i gjennomsnitt råka av 20 tornadoar årleg, ifølgje Reuters.

Tornadoane her plar likevel vera svakare og mindre øydeleggande enn dei som har rasa rundt i store delar av USA den siste tida, der det mektige naturfenomenet har teke livet av 350 menneske og gjort skade for om lag 26 milliardar dollar så langt i år.

Den verste tornadoen som New Zealand har opplevd nokosinne, råka byen Hamilton i 1948. Tre menneske vart drepne, 80 såra og nærare 200 bygningar vart raserte.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt