NRK Meny
Normal

Dødeleg gift i brev til Obama

FBI opplyser at den dødelege gifta ricin er funne i eit brev adressert til president Barack Obama. Brevet vart stansa lenge før det kom til Det kvite hus.

Evakuerer kongressbygningen i Wahington

To bygningar i Kongressen på Capitol Hill vart evakuerte etter funn av mistenkjelege brev.

Foto: Jay Mallin / Zuma Press

Ei kjelde i FBI seier til AP at dei førebelse testane indikerer at brevet til Obama inneheld ricin, men at dei må gjennomføre fleire testar for å slå fast mengda.

CNN melder i kveld norsk tid at brevet til Obama inneheldt same ordlyden som eit brev som vart sendt til senator Roger Wicker i går. Det er påvist riciin også i dette brevet.

Brev signert KC

Dette er teksten i brevet, ifølgje CNN:

«Å sjå at noko er feil og ikkje gjere noko med det, er å vere ein taus partner til at det held fram». Begge breva er signerte med «Eg er KC og eg er samd i denne bodskapen».

Pressetalsmannen til president Barack Obama, Jay Carney, viste på den daglege pressekonferanse i Det kvite hus i ettermiddag til FBI for fleire opplysningar om saka.

Obamas pressetalsmann Jay Carney.

Obamas pressetalsmann Jay Carney orienterte om brevet til Obama på ein pressekonferanse i ettermiddag norsk tid.

Foto: JEWEL SAMAD / Afp

Secret Service, som har ansvaret for tryggleiken rundt president Barack Obama, oppdaga brevet til Obama på eit kontrollsenter i Maryland i går kveld norsk tid.

Mystiske brev og pakke

To kontorbygningar tilhøyrande Kongressen på Capitol Hill i Washington vart evakuerte i ettermiddag etter funn av ein mystisk pakke, i tillegg til ein ryggsekk innehaldande mystiske brev. Dei mistenkjelege gjenstandane er no fjerna, og evakueringa er oppheva.

CNN melder at politiet stansa ein mann som kom inn i kongressbygningen på Capitol Hill med ein ryggsekk. Ryggsekken var full av forsegla brev, og delar av Kongressen vart evakuert som følgje av dette. Mannen, som skal ha verka ustabil, vart stansa i tryggingskontrollen.

Samstundes vart kontoret til senator Richard Shelby evakuert og grundig gjennomsøkt etter funn av ein mistenkjeleg pakke.

Nytt brev med ricin

Capitol Hill i Washington DC.

To bygningar på Capitol Hill vart evakuerte etter funn av forsegla brev og ein mystisk pakke.

Foto: MANDEL NGAN / Afp

Det har kome eit brev nummer to til Senatet som også kan innehalde gifta ricin. Secret Service etterforskar no i samarbeid med FBI og politiet på Capitol Hill om det er ein samanheng mellom desse sakene.

Dette brevet var adressert til senator Carl Levin frå Michigan, melder AP.

I går ettermiddag vart gifta ricin oppdaga i eit brev til den republikanske senatoren Roger Wicker frå Mississippi.

Brevet til Barack Obama vart oppdaga på eit postkontor i Maryland, der all post adressert til Det kvite hus blir samla og gjennomgått med screeningsutstyr.

Ei politikjelde seier til nyheitsbyrået AP at brevet til Obama hadde mange likskapstrekk med brevet til Roger Wicker.

Ricin i brev til senator

Eit mobilt laboratorium for gifttesting oppdaga ricin i eit brev til ein amerikansk senator.

Foto: Molly Riley / Ap

Oppdaga i rutinekontroll

Det første brevet vart oppdaga i ein rutinekontroll av posten til Kongressen, og det nådde ikkje fram til Wickers kontor. Politiet har alt ein mistenkt i saka, opplyste senator Claire McCaskil frå Det demokratiske partiet. Ho snakka med pressefolk om brevet etter eit møte der senatorane vart orienterte om hendinga.

Personen dei mistenkjer for å ha sendt brevet, er ein mann som skriv mange brev til politikarane i senatet.

Secret Service, FBI og andre amerikanske tryggingstenester er i høg beredskap etter terrorangrepet mot Boston maraton måndag. Ei politikjelde seier til CNN at det ikkje er indikasjon på ein samanheng mellom dei mistenkjelege breva i Washington og angrepa i Washington.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt