Hopp til innhold

Minst 18 døde etter bussulukke i Moskva

Ein lastebil kolliderte laurdag føremiddag med ein passasjerbuss i den russiske hovudstaden Moskva. 18 menneske omkom i den kraftige kollisjonen.

Minst 14 mennesker omkom da en lastebil kolliderte med en passasjerbuss i den russiske hovedstaden Moskva i formiddag.

Bussen blei smadra og delt i to i samanstøyten med lastebilen i Moskva laurdag føremiddag.

Busskrasj i Moskva

Slik såg det ut på ulukkesstaden i Moskva laurdag ettermiddag.

Foto: Reuteres

Tala på omkomne og såra sprikar, men ifølgje det russiske krisedepartementet er 18 døde - blant dei sjåføren av lastebilen og eit lite barn.

I tillegg skal fleire titals passasjerar vera skadde. For 14 av dei er tilstanden alvorleg, opplyser helsestyresmaktene i Moskva via nyheitsbyrået Interfax.

Bussen delt i to

– Dei skadde blir frakta til lokale sjukehus med helikopter, seier talsperson for det russiske krisedepartementet, Irina Rossius til det russiske nyheitsbyrået ITAR-TASS.

30 ambulanse-crew rykte ut til ulukkesstaden.

Bussen gjekk i ordinær rute frå Podolsk til Xhokhovo i Moskva-regionen då lastebilen lasta med grus og pukk køyrde inn i den. Bussen blei delt i to som følgje av krasjet, melder nyheitsbyrået RIA Novosti.

Fleire andre køyretøy skal også ha blitt råka av ulukka.

Etterforskinga tyder så langt på at det var lastebilsjåføren som ikkje overheldt vikeplikta si då han skulle svinga ut i eit vegkryss, skriv nettavisa Russia Today.

Bussulukke i Moskva

Lastebilsjåføren skal ha køyrt rett ut i lyskrysset og inn i bussen utan å sjå seg føre.

Foto: Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt