NRK Meny
Normal

Død eller levande – dette er Abu Bakr-al-Baghdadi

IS-leiaren Abu Bakr al-Baghdadi har vore meldt død fleire gonger dei siste åra, men det har vist seg ikkje å stemme. Kan eit russisk luftangrep 28. mai i år ha teke knekken på den ein gong så mektige terrorleiaren?

Abu Bakar al-Baghdadi

Det siste biletet av Abu Bakr al-Baghdadi vart teke då han talte i ein moske i Mosul i Irak i juni eller juni 2014.

Foto: - / AFP

Korkje amerikanske eller russiske styresmakter kan stadfeste at al-Baghdadi er død, og begge partar gjer det dei kan for å slå fast enten det eine eller andre. Men sikkert er det i alle fall at dei russiske flya, som gjennomførte angrepet mot eit IS-møte i Raqqa-området 28. mai, gjorde grundig arbeid.

Ifølgje den russiske hæren skal fleire sentrale IS-leiarar, rundt 30 felt-kommandantar og rundt 300 livvakter og andre hjelparar vere drepne i angrepet. Det er indikasjonar på at al-Baghdadi var til stades, men ingen kan stadfeste det 100 prosent.

Ein mann på flukt

Al-Qaida-leder Ayman al-Zawahiri

Al Qaida-leiaren Ayman al-Zawahiri har kome i skuggen av IS-leiaren Abu Bakr al- Baghdadi dei siste åra.

Foto: - / Afp

Heller ikkje syriske styresmakter har kommentert meldingane om at IS-leiaren skal vere død. Men det synest klart at, i takt med den internasjonale krigen mot IS, har Baghdadi gått frå å vere leiar eller kalif for eit stort IS-kontrollert landområde til å vere ein mann på flukt.

Ifølgje kjelder i området har han alltid passa på å opphalde seg i opne og rolege område, der det er lett å oppdage når fly eller dronar nærmar seg. Han har aldri opphalde seg meir enn eit par døgn på same stad.

Ifølgje Reuters brukar han ikkje telefon, men har fleire trufaste medarbeidarar som tek seg av kommunikasjonen med andre leiarar. Han blir transportert rundt i vanlege bilar av same typar som bøndene i området brukar, og han flyttar seg mellom ulike gøymestader. Han reiser saman med ein sjåfør og to livvakter.

Dei siste par åra skal Abu Bakr al-Baghdadi ha opphalde seg i det IS-kontrollerte ørkenområdet mellom Raqqa i Syria og Mosul i Irak. Det sjølvproklamerte kalifatet har vorte mindre og mindre, og IS kan i løpet av sommaren bli kasta ut både frå Raqqa og Mosul.

Ifølgje kjelder i området var IS-leiarane samla til eit nattleg møte i utkanten av Raqqa for å diskutere korleis dei skulle trekkje seg ut frå byen.

Øydeleggingar i Raqqa i Syria.

Raqqa er den siste bastionen til IS i Syria, men byen blir stadig utsett for harde angrep frå lufta. Her frå eit industriområde i byen onsdag denne veka.

Foto: Rodi Said / Reuters

– Nådelaus krigar

Skulle meldingane om at den 46 år gamle IS-leiaren er drepen stemme, er det liten tvil om at det er eit stort tap for organisasjonen. Baghdadi er kjent som ein nådelaus krigar og ein dyktig strateg.

IS er opphavleg ei samanslåing av gruppene Islamsk stat i Irak og Al Nusra-fronten i Syria, som begge var knytte til det internasjonale terrornettverket til Al Qaida. Dette nettverket blir leidd av den egyptiske augelegen Ayman al-Zawahiri (65), som tok over etter at Osama bin Laden vart drepen i 2011.

Det blir fortalt at då Osama bin Laden vart drepen av amerikanske styrkar i Pakistan i 2011, så var al-Baghdadi den einaste leiaren i organisasjonen som nekta å sverje truskap til den nye leiaren, Ayman al-Zawahiri.

Baghdadi skal ha sagt at han fekk i oppdrag direkte frå Osama bin Laden om å etablere ein islamsk stat eller eit kalifat i Midtausten.

USAs utenriksminister: Snart har vi drept IS-lederen

FBI-agent gifte seg med IS-terrorist

Arven etter bin Laden

baghdadi is-angrep

Abu Bakr al-Baghdadi blir karakterisert som ein nådelaus krigar og ein dyktig strateg.

Foto: Uncredited / Staff Sgt. Ciara Wymbs

David Ignatius, Midtausten-ekspert og redaktør i Washington Post, sa for tre år sidan at al-Baghdadi var mannen som kom til å ta opp arven etter Osama bin Laden.

Det internasjonale samfunnet var i sjokktilstand då IS tok kontroll over store område både i Irak og Syria.

Al-Baghdadi var kjend for å vere nådelaus på slagmarka. Kombinert med organisatoriske og strategiske evner, gjorde han IS meir attraktivt for unge jihadistar enn det tradisjonelle Al Qaida, leidd av Zawahiri, meiner fleire analytikarar.

USA har lova ein dusør på 25 millionar dollar til dei som fangar eller tek livet av Abu Bakr al-Baghdadi. Dersom det no viser seg at Russland har greidd det USA ikkje har fått til, så er det eit prestisjenederlag for USA.

Rykteflaum om IS leiar al-Baghdadi

Camp Bucca i Irak.

Abu Bakr al-Baghdadi var internert i den amerikanske leiren Camp Bucca i Irak i fleire år.

Foto: Karim Kadim / AP

I amerikansk fengsel

Og særleg bittert for USA er det at dei faktisk hadde al-Baghdadi i si varetekt i fire år. Han vart teken til fange av amerikanske styrkar i Irak i 2005, og han vart halden som fange i Camp Bucca heilt fram til 2009. Det er uklart kva som førde til at han vart sett fri.

Lite er kjent om privatlivet til al-Baghdadi. Han har halde seg i bakgrunnen, og det har vore spekulert i om at han har omgitt seg av medhjelparar som alle går under same namn som han. Dette for å forvirre dei som måtte vere ute etter han.

Det finst berre nokre få bilete av han, og det blir sagt at han har brukt maske når han har talt til krigarane sine. Ifølgje BBC gav dette han tilnamnet «Den maskerte sjeiken».

Det er kjent at han tok ein doktorgrad i islamstudiar ved Universitetet i Bagdad, og at han seinare kjempa for fleire Al Qaida-relaterte grupper i Irak. Han dukka opp som leiar for gruppa Islamsk stat i Irak i 2010, før han vart leiar for Islamsk stat i Irak og Levanten (ISIL) i 2013.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt