Hopp til innhold

Død ekspresident skaper såpeopera midt oppi rekordjamt val i Angola

Angolas veldig unge befolkning kan skape politisk historie denne veka. Likevel har valkampens snakkis vore ein død ekspresident og kista hans.

Tidlegare president i Angola Jose Dos Santos kom heim i ei kiste. Han døde tidlegare i år, og familien har krangla om kven som har rett på kista hans.

Kista til avdøde José Eduardo Dos Santos er komen til Angola. Det skjedde ikkje utan drama.

Foto: SIPHIWE SIBEKO / Reuters

Det er knapt noko land i verda der folketalet stig raskare enn i Angola. No er landet, som er søkkrike på olje og diamantar, på veg inn i ein ny epoke.

For landets kollektive minne er i ferd med å bli delt i to.

– Ei heilt anna verd for dei unge

Dei eldste angolanarane har opplevd tidene der dagens regjeringsparti, MPLA, sigra over kolonimakta Portugal. Og endå fleire hugsar åra som følgde, då frigjeringskrig vart erstatta med borgarkrig mellom MPLA og opposisjonspartiet Unita.

Men freden kom til Angola for 20 år sidan, og dei unge i landet har eit ganske anna syn på MPLA.

– Det er heilt klart at Angola står fram som eit heilt anna land for dei som er fødde i dette århundret, enn dei som har opplevd krigane, seier Vegard Bye.

To valmedarbeidarar passer på at elt går riktig for seg i eit vallokale i Angola.

Angolas mange unge kan avgjere valet. Her er to av dei vakter i eit vallokale i hovudstaden Luanda.

Foto: SIPHIWE SIBEKO / Reuters

Han er forskar, Angola-ekspert og er no i Angola for å følge med på valet som vart halde onsdag denne veka. Resultatet av valet er venta å kome i løpet av dei neste dagane.

Angolas ungdom har aldri sett MPLA som frigjeringsheltar, men dei har derimot vore vitne til at korrupsjon, ulikskap og fattigdom har fått vekse i Angola.

– Veldig mange unge menneske i dette landet ser lite framtid, sjølv om dette er eit av Afrikas rikaste land, seier Bye.

– Me har knapt nokon som helst sjanse på jobbmarknaden, og ting er så forferdeleg i skulane. Det burde vore fleire måtar å få opplæring på, seier 18 år gamle Sofia til Deutche Welle.

Angolansk ungdom veivar med angolanske flagg.

Angola er blant landa med yngst befolkning i heile verda. 14 millionar skal no stemme over kven landets neste president skal vere.

Foto: Claudia Daut / Reuters

Den omstridde Dos Santos-familien

Etter at borgarkrigen var over i 2002 hadde Angola størst økonomisk vekst av alle land i verda.

Men inntektene har i stor grad berre gått i elitens lommer. Den øvste ansvarlege er den tidlegare frigjeringshelten José Eduardo dos Santos, som leia både Angola og MPLA frå 1979 til 2017.

Folka rundt dos Santos vart milliardærar. Mellom anna er dos Santos si dotter, Isabela dos Santos, kjent for å vere blant verdas rikaste kvinner.

Les også Valet i 2017 vart slutten på ein æra i Angola

Folk selger produktene sine på et improvisert marked langs en jernbanelinje i Luanda

Dei siste åra har Isabela dos Santos vore sentral i fleire gravesaker om korrupsjon. Sakene har fått tilnamnet «Luanda Leaks», etter Angola hovudstad, og er ein del av det meir kjente graveprosjekta Pandora Papers, som mellom anna Aftenposten har vore ein del av.

I sosiale medium kan viser dottera til den tidlegare presidenten fram eit liv i sus og dus, men realiteten er ein heilt annan for mange av hennar landsmenn.

– For dei aller fleste ungdommar er hovudtemaet tilgang til utdanning og jobb. Det er stor arbeidsløyse, og særleg om ein reknar med dei som er komne inn frå landsbygda og står i gatene og sel, fortel Bye.

Bye, og fleire andre ekspertar, fryktar at valet i Angola kan vere prega av juks, og at slik juks kan føre til omfattande vald. Det har fleire gonger vore tilløp til sosial uro blant unge angolanarar dei siste åra.

Joao Lourenco legg sin stemmeseddel i valurna

João Lourenco er president i Angola, og håper på fornya tillit.

Foto: STRINGER / Reuters

Presidenten sin mislukka reform

Pandemien har forverra økonomien i Angola, der også periodar med låg oljepris har skapt ekstra trøbbel.

No har opposisjonspartiet Unita fått meir vind i segla. Dei har slått seg saman med eit anna opposisjonsparti, og meiningsmålingar viser at Unita pustar MPLA i nakken.

Ei av Unitas hovudsaker er at dei ønskjer demokratiske reformer, slik at politisk makt vert meir fordelt, også nedover på regionalt og lokalt nivå. I dag er det slik at valvinnaren også får mykje makt nedover i systemet. Og slikt skaper til tider stor misnøye.

Unge angolanarar er i kampar med tryggingsstyrkar. Ein av dei kastar stein. Det har vore uroleg i Angola fordi landet slit økonomisk og det er mykje korrupsjon der.

Det har vore tilløp til uro fleire gonger i Angola dei siste åra. Ekspertar fryktar ny uro etter valet, uansett kven som vinn.

Foto: OSVALDO SILVA / AFP

Unita har også tent oppslutning ved at dei aldri har vore regjeringsparti, og dermed ikkje treng å stå til ansvar for landets situasjon.

For MPLA og sittande president João Lourenco er det også eit problem at han har feila på å levere på sine lovnader om reform og nedkjemping av korrupsjon.

– Han starta bra, men etter kvart viste det seg vanskeleg for Lourenco å fortsette dette oppgjeret, fordi han måtte stelle seg til så sterke krefter internt i MPLA som sjølv hadde vore del av det korrupte styret, seier Bye.

Dermed er det mange av Angola sine problem som held fram med å eksistere.

Joao Lourenco legg sin stemmeseddel i valurna

João Lourenco er president i Angola, og håper på fornya tillit.

Foto: STRINGER / Reuters

– Såpeopera

Presidenten sine forsøk på å stanse korrupsjon har skapt mykje misnøye i dos Santos-familien. Og denne misnøya vart ekstra tydeleg då den tidlegare presidenten døde i juli.

– Det er ein såpeopera av ei anna verd, seier Bye.

President João Lourenco sa at han ønska å heidre den tidlegare presidenten ved å få til ei gravferd på statens rekning.

Men dette var det fleire av borna til Jose Eduardo dos Santos som ikkje likte. Mellom anna risikerer Isabel dos Santos fengsel om ho reiser til heimlandet for å delta i ei gravferd, fordi ho er under etterforsking for korrupsjon.

Jose Eduardo dos Santos vinker til folket den gongen han var president.

Jose Eduardo dos Santos leia Angola i årevis. No er han død, og liket hans skaper debatt i valkampen.

Foto: MARCO LONGARI / AFP

Dos Santos sine barn meinte at etterlevningane av faren tilhøyrde dei, og at Lourenco forsøkte å utnytte den døde faren i valkampen for å skaffe ekstra stemmer.

Den eine dottera til ekspresidenten antyda at faren kanskje hadde blitt drepen ved at det hadde blitt fikla med utstyret på sjukehuset. Og den ho peika ut som mistenkt var si eiga stemor, altså den siste kona til dos Santos.

Dos Santos døde på eit sjukehus i Barcelona, og difor vart det til slutt opp til ein spansk domstol å bestemme kven som hadde eigedomsretten til liket til ekspresidenten.

Det heile enda med at hans siste kone fekk bestemme, og dermed har kista med dos Santos blitt sendt til Angola mot borna sin vilje.

– Dette tema har blitt brukt av begge partar i valkampen. Lourenco gjer dos Santos til ein landsfader, og ein «fredens arkitekt», og vil gjerne bruke dette aktivt som er markering for at han vidarefører ein tradisjon som har brakt fred til Angola, seier Bye.

Trass frykt for vald og uro, så gjekk valdagen roleg for seg. Oppteljinga har starta, og ifølgje grunnlova må resultatet leggjast fram innan to veker, men det pleier å gå langt raskare enn som så.

Les også Ungdommar fengsla fordi dei las bøker

Arresterte bokklubbmedlem

SISTE NYTT

Siste nytt