Hopp til innhold

Dobbelt vulkanutbrot i Russland

I Russland har to vulkanutbrot spreidd tjukke lag med oske over den nordaustlege halvøya Kamtsjatka. No putrar det i ein tredje vulkan.

Vulkanutbrot i Russland

Store mengder røyk og glødande lava veltar ut av Shiveluch-vulkanen på den russiske halvøya Kamtsjatka aust i Russland.

Foto: Ap

Den høgaste aktive vulkanen i Eurasia, Klyuchevskaya Sopka (4750 m.o.h.) eksploderte torsdag samstundes med den nærliggande vulkanen Shiveluch heilt aust i Russland.

Eit tjukt, grått støvteppe har lagt seg som eit lokk over den nærliggande landsbyen Ust-Kamchatsky, om lag 90 kilometer unna Shiveluch-vulkanen.

Må forskansa seg

Russiske helsestyresmakter ber dei 5000 innbyggjarane som bur i området halda seg innandørs og å lukke alle vindauge og dører for å unngå pustevanskar og allergiske reaksjonar. I tillegg er alle lokale vegar, skular og forretningar stengde.

Saman sendte dei to vulkanutbrota oske heile ti kilometer opp i lufta.

Lavaen rann torsdag føremiddag nedover fjellsidene i strie straumar, og bygningar i nærleiken er dekte med kvitt lavastøv.

Shiveluch-vulkanen i Russland

Lava fossar ned langs vulkanen Shiveluch.

Foto: Ap

Åtvarar flyselskap

Oskeskyene spreier seg no ut over Stillehavet, og skapar trøbbel for flytrafikken mellom Russland og Japan.

LES OGSÅ: Nytt vulkanutbrudd i Indonesia

Eit vulkanoske-senter i Tokyo har sendt ut eit varsel til alle flyselskapa som flyr i området, men tidleg torsdag ettermiddag var lufttrafikken framleis i rute.

Meteorolog i Alaska luftfartseining, Jen Burke, seier til CBC at vulkanoska også beveger seg i retning Beringhavet. Den kan dermed komma i vegen for flyruter mellom Asia og Nord-Amerika over Alaska.

– Men dei kan førebels koma seg forbi ved å velja ei litt anna rute, seier ho.

Ny vulkan har vakna

Den russiske halvøya, som er på arealstorleik med Spania, er proppa med vulkanar. Den finst tilsaman 160 vulkanar på Kamtsjatka, og om lag 29 av dei er aktive.

Ekspertar seier til CBC at oska vil koma dalande ned i området i minst ti dagar framover.

Medan Shiveluch-vulkanen gradvis har roa gemyttane utover torsdagen, held den andre vulkanen fram med å slengja oske og lava ut i lufta over seg.

No åtvarar det russiske departementet for naudsituasjonar om at nok ein vulkan har byrja å spy ut gassar og kan få eit utbrot innan kort tid.

SISTE NYTT

Siste nytt