Hopp til innhold

DNA frå 78 menneske funne etter flystyrten

Rettsmedisinarar har funne DNA frå 78 menneske etter flystyrten i Dei franske alpane sist tysdag. Det skal no byggjast ein provisorisk veg inn til ulukkesstaden for å få fortgang i identifiseringsarbeidet.

Rettsmedisinarar i arbeid i Seynes-del-Alpes.

Rettsmedisinarar og identifiseringsekspertar i arbeid i eit laboratorium i Seynes-del-Alpes.

Foto: F.BALAMO / Afp

Det var sist tysdag at Germanwings A320 D-AIPX på veg frå Barcelona i Spania til Düsseldorf i Tyskland styrta i det uvegsame fjellområdet i Frankrike, etter alt å dømme etter ei villa handling frå andrepiloten. 150 menneske miste livet.

Arbeidet med å finne og identifisere dei omkomne er svært vanskeleg. Flyrestane ligg vanskeleg til, og dei omkomne ligg spreidde over eit stort område. Etterforskarar har slått fast at flyet trefte fjellsida med ei fart på 700 kilometer i timen.

Ekstremt terreng

– Vi har ikkje funne eit einaste offer der kroppen var intakt, seier Patrick Touron, nestsjef for det franske politiet si etterforskingsgruppe i området, til nyheitsbyrået AFP. Han har aldri tidlegare arbeidd i eit så vanskeleg terreng, seier han.

FRANCE-CRASH/ A French rescue worker inspects the remains of the Germanwings Airbus A320 at the site of the crash

Ein fransk redningsarbeidar i arbeid på styrtstaden. Arbeidet på staden blir karakterisert som svært vanskeleg.

Foto: GONZALO FUENTES / Reuters

– Vi arbeider i hellingar på mellom 40 og 60 grader. Det går stadig mindre steinras i området, og grunnen har ein tendens til å bevege seg. Ein del ting er ikkje mogleg å få gjort utan å fire seg ned med tau, legg Touron til.

Hittil har helikopter vore einaste transporten mellom den nærmaste byen, Seynes og ulukkesstaden, og det har vore gjennomført rundt 60 turar kvar dag. Han beklagar at arbeidet går seint, men at dei er nøydde til å tenkje på tryggleiken til dei som deltek i arbeidet.

Touron fortel at kroppsdelane som blir funne, blir transportert inn til Seynes med helikopter, der rundt 50 rettsmedisinarar, legar, tannlegar og identifiseringsekspertar frå politiet er i arbeid på eit laboratorium.

Lubitz skal ha blitt dumpet av forloveden

– For Guds skyld, åpne den fordømte døra!

– Faren til annenpiloten er knust

– Vanskeleg identifisering

Hittil er det funne mellom 400 og 600 kroppsdelar etter flykatastrofen, legge politimannen til.

Å identifisere DNA frå dei omkomne er ein vanskeleg prosess. Etter dei første undersøkingane i Seynes blir prøvene sende til eit laboratorium utanfor Paris. Der blir dei samanlikna med prøver tekne av familiemedlemer av dei omkomne, og på denne måten har ekspertane greidd å slå fast at det er funne DNA frå 78 ulike menneske.

– Normalt i identifiseringsarbeidet etter katastrofar blir rundt 90 prosent av identifikasjonen ved hjelp av tenner. I denne katastrofen DNA-identifisering bli langt viktigare, seier han.

Redningsarbeidarar i aksjon på styrtstaden utanfor Seyne-les-Alpes.

Arbeidet på styrtstaden er svært vanskeleg. Det er bratt, slik at mykje av arbeidet må gjerast frå tau.

Foto: GONZALO FUENTES / Reuters

- Dødspiloten hadde problem med synet

Norwegian vurderer psykologisk test av flygere

«Svart boks» ikkje funnen

Ved sida av å finne dei omkomne, er det også ei høgt prioritert oppgåve å finne den «svarte boksen» som enno ikkje er funnen. Det er her alle dei tekniske dataene frå flyet blir lagra. Taleregistratoren er funne tidlegare.

Arbeidet med å byggje ein provisorisk veg opp til styrtområdet er alt i gang. Målet er at det skal bli mogleg å kome fram med terrenggåande køyretøy.