Zoran Djindjic vart skoten og drepen i mars i fjor.
Dette opplyser ei politikjelde til nyheitsbyrået Reuters. Også ein lokal radiostasjon i Beograd har meldt om arrestasjonen.
Mannen politiet trur var hjernen bak drapet, ein tidlegare offiser i det serbiske spesialpolitiet, overgav seg 2. mai i år.
Djindjic vart skoten og drepen utanfor den serbiske nasjonalforsamlinga i mars i fjor.
Zoran Djindjic var ein leiande figur i den politiske rørsla som greidde å fjerne Slobodan Milosevic frå makta i Serbia.