Hopp til innhold

Direktesende drap på Facebook

IS-sympatisøren som drap ein politimann og kona hans utanfor Paris, skal ha sendt ugjerninga direkte på Facebook, ifølgje nyheitsbyrået AP.

FRANCE-ATTACKS-POLICE

Eit bilde teke frå Facebookprofilen til Larossi Abballa. Han skal ha sendt direkte på Facebook medan han forskansa seg i ei leilegheit med gissel.

Foto: STR / Afp

Måndag vart ein 42 år gammal politimann knivstukken og drepen utanfor heimen sin i ein Paris-forstad.

Gjerningsmannen var naboen, den 25 år gamle Larossi Abballa.

Han tok seg så inn i heimen til politimannen og forskansa seg saman med politimannens kone og tre år gamle son.

Kona vart på eit tidspunkt drepen av Abballa.

Sende direkte på Facebook

Forskansa i leilegheita, skal Abballa ha filma det makabre gisseldramaet, og sendt det direkte på Facebook.

Fleire som påstår dei har sett filmen, seier den er rundt 13 minutt lang.

Kontoen var i falsk namn, og er no stengd ned av Facebook.

Gisselsituasjonen enda med at politiet storma leilegheita og skaut og drap gjerningsmannen.

Parets tre år gamle son kom frå det uskadd.

– EM blir ein kyrkjegard

FRANCE-ATTACKS-POLICE

Bilde av Larossi Abballa, teke frå Facebook.

Foto: STR / Afp

Ein journalist ved den franske radiokanalen RFI, David Thomson, opplyser på Twitter at han har sett videoen på Facebook.

Han seier at gjerningsmannen mellom anna skal ha sagt:

– EM kjem til å bli ein kyrkjegard, vi har svart ja til sjeik Adnani!

Namnet Adnani kjem viser truleg til Abu Muhammad al-Adnani, ein av talsmennene til den ekstreme islamistrørsla IS.

Laster Twitter-innhold

– Islamistisk terror

Den franske presidenten François Hollande, slår i dag fast at drapa var terror.

Han grunngjev dette med at både gjerningsmann og IS har bekrefta at dei var i eit slags samarbeid.

Hollande seier terrortrusselen er høg.

– Frankrike er ikkje einaste land i søkelyset, det har vi sett dei siste dagane i USA. Men Frankrike er konfrontert med ein ekstremt stor terrorfare. Alle hugsar kva som skjedde i 2015, i januar og i november, sa Hollande

Tekne inn til avhøyr

I dag vart to personar arresterte og avhøyrde i samband med saka.

Arrestasjonane vart kunngjort ved 12-tida tysdag, få timar etter at politiet og franske styresmakter kalla angrepet ei terrorhandling.