NRK Meny
Normal

Diplomatisk krise i India: Italiensk ambassadør får ikkje forlate landet

Flyplassar i heile India har blitt instruert til å nekte den italienske ambassadøren å dra frå landet heilt til Italia utleverer to soldatar som er tiltala for dobbeltdrap.

Daniele Mancini

Den italienske ambassadøren, Daniele Mancini, på veg ut frå eit møte i det indiske utanriksdepartementet.

Foto: PRAKASH SINGH / Afp

Bakgrunnen for at ambassadøren ikkje får forlate India er at Italia ikkje har utlevert to marineoffiserar som er skulda for å drepe to fattige fiskarar i regionen Kerala i fjor. Fiskarane vart drepne då dei kom for nært eit italiensk oljetankskip som marinesoldatane sto vakt for.

Sonia Gandhi (til venstre) og Manmohan Singh

Den indiske statsministeren Manmohan Singh har kritisert Italia i kraftige ordlag.

Foto: PRAKASH SINGH / AFP

India gav dei to høve til å dra heim for å stemme ved det italienske valet førre månad. Den italienske ambassadøren hadde personleg garantert for at marinesoldatane ville bli sendt tilbake til India innan 22. mars.

Men førebels er det lite som tyder på at Italia er interesserte i å sende soldatane tilbake.

På onsdag åtvara statsministeren i India, Manmohan Singh, om at «det vil bli konsekvensar», dersom ikkje Italia utleverte offiserane, og sa vidare at det var «uakseptabelt» at Italia ikkje har vist vilje til å sende dei tilbake.

No har det diplomatiske forholdet tilspissa seg ytterlegare, etter at Høgsterett i India no har sendt ein beskjed til Italia sin ambassadør, Daniele Mancini, om at han ikkje får forlate landet. Det melder den indiske TV-kanalen CNN-IBN.

Må utleverast innan ei veke

Salvatore Girone, Massimiliano Latorre

Dei italienske marinesoldatane Salvatore Girone og Massimiliano Latorre like før dei fekk reise heim til Italia rett før jul.

Foto: Ap

Bakgrunnen for dette er at leiaren for det indiske partiet Janata, Subramian Swamy, leverte ein påstand til retten om å forfølgje ambassadøren rettsleg fordi han har vist forakt for indisk rett.

Retten ønskjer ein forklaring frå ambassadøren om dei italienske styresmaktene skal utlevere to marinesoldatar som må møte i retten i India.

Den neste høyringa mot den italienske ambassadøren skjer 19. mars. Men Høgsterett har sete ein frist til 22. mars om utlevering av marinesoldatane.

Italienske styresmakter vil ikkje sende marinesoldatane tilbake, fordi dei meinar hendinga fant stad i internasjonalt farvatn, og at India dermed ikkje har noko juridiksjon i området.

Kan bryte internasjonal rett

Men ifølgje den indiske TV-kanalen kan det hende at India bryt Wien-konvensjonen ved å halde den italienske ambassadøren i landet.

Ekspertar trur at det vil vere umogleg å arrestere ambassadøren fordi ambassadørar ifølgje traktaten har immunitet mot fengsling.

Wien-konvensjonen om diplomatisk immunitet trådde i kraft i 1964. Her står det: «Ein diplomatisk agent skal vere ukrenkeleg. Han skal ikkje vere i fare for nokon form for arrest eller varetekt. Alle statar skal behandle han med respekt og skal ta alle moglege steg for å hindre angrep på hans person, fridom eller verdigheit.» (journ. oversetjing)

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt