Det er år 2008. Utanfor Skopje flyplass har dei kledd seg ut som greske soldatar frå antikken med skjold og spyd. Det er forventning i lufta.
Dei ventar nemleg på det som skal vere ein prins frå Pakistan, ein tapt slektning til sjølvaste Aleksander den Store.
NRK var på flyplassen denne julidagen i 2008. Og fekk sjå den ville jubelen då prinsen frå Irshad-passet kom ut i den makedonske sola.
NRK PÅ PLASS I 2008: NRK får knipsa eit bilete av kortesjen til den pakistanske prinsen frå Hunza-klanen.
Foto: Roger Sevrin Bruland / NRKPrinsen reiste landet rundt, og makedonsk fjernsyn viste denne «signingsferda» meir eller mindre minutt for minutt.
Det var «Det makedonske instituttet for strategisk forsking» som hadde spora opp prinsen og landsbyen hans langt nord i Pakistan, langs den historiske silkevegen.
Men det tok ikkje lange tida før NRK oppdaga at også greske forskarar også hadde funne ein slik prins, og til alt overmål i nabolandsbyen!
Begge land brukte desse prinsane i propagandakrigen mot kvarandre. At Aleksander den store døydde 323 før Kristus, var av mindre betydning.
VI GJORDE DET. Statsministrane feirar underteikninga av avtalen der Makedonia endrar namn til Nord-Makedonia. Men både Zaev og Tsipras får mykje motbør på heimebane.
Foto: ALKIS KONSTANTINIDIS / ReutersIkkje berre eit namn
Førre helg underteikna den greske og makedonske statsministeren ein historisk avtale, der dei er blitt samde om å løyse den betente namnestriden mellom landa.
Makedonia skal heite Republikken Nord-Makedonia. Men folket får framleis lov til å kalle seg makedonarar.
Kompromisset har gjort opposisjonen i begge land like misnøgde. I Hellas vil dei stille mistillitsforslag mot statsminister Alexis Tsipras, og i Makedonia blir statsministeren Zoran Zaev skulda for å vere ei nikkedokke for EU og USA.
DEMONSTRASJON I THESSALONIKI SØNDAG: Namnestriden er politisk sprengstoff i Hellas. For dei meiner makedonarane er slavarar, som ikkje er beslekta med dei gamle grekarane.
Foto: Giannis Papanikos / APMOT AVTALEN: Demonstrasjon mot avtalen 17 juni i Skopje.
Foto: ROBERT ATANASOVSKI / AFPNamnestriden mellom Makedonia og Hellas har aldri berre handla om eit namn. Det har handla om kultur, identitet og historie. Hellas meiner dei er dei ekte grekarane, nordmakedonarane er slavarar.
Samtidig har det vore frykt i Hellas for at makedonarane i nord ville gjere krav på land i sør.
Balkankrigane 1912–13
Den historiske regionen Makedonia vart delt da det muslimske Osmannarriket vart pressa ut av Balkan før første verdskrigen.
Det vart kjempa to korte krigar, der dei regionale maktene slost om dei europeiske restane av dette imperiet som var i ferd med å kollapse.
DEI STØRSTE MILITÆRMANØVRANE UNDER DEN ANDRE BALKANKRIG 1913: Bulgaria (raudt) hadde teke store landområde i den første balkankrigen, og under omkampen i 1913 slo dei andre landa seg saman i ein anti-bulgarsk koalisjon (blått). Den bestod av Serbia, Romania, Hellas, Montenegro og Osmannarriket. Regionen Makedonia vart delt mellom Serbia og Hellas, med mindre delar i det som no er nasjonalstatane Bulgaria og Albania.
Foto: Wikimedia commonsSå under den greske borgarkrigen etter den andre verdskrigen, vart mange makedonarar jaga på flukt nordover. Den greske staten tok frå dei statsborgarskapet og konfiskerte eigedommane deira i sør.
NRK har snakka med ei kvinne som vart send heilt til Kirgisistan, før ho kom seg til Polen, Romania og no bur i Skopje. Mannen hennar arbeider ved eit hotell i den greske delen av Makedonia, berre eit steinkast på barndomsheimen han måtte forlate.
På FLUKT FRÅ Hellas: Barn flyktar frå borgarkrigen i Hellas i 1948. Bildet skal vere frå ein stad langs Egeerhavet. Flyktningane enda opp i den serbiske delen av Makedonia, Polen og Romania. Nokon enda også opp i Sovjetunionen.
Foto: Det makedonske statsarkivetMange av desse eksil-makedonarane drøymer om ein gang å flytte tilbake. Og det hjelpte ikkje at makedonske politikarar byrja tenke høgt om eit foreina Makedonia, da landet var uavhengig i 1991.
Gresk anti-Makedonia diplomati i FN
Dette fekk greske styremakter til å byrja eit hektisk diplomati i FN, for å hindre at det nyleg uavhengige landet Makedonia vart medlem i FN som «Makedonia».
Og sidan Boutros-Boutros Gali var FN-sjef, har makedonarane hatt eit skilt framfor seg der står FYROM. «Former Yugoslavian Republic of Makedonia».
Men det er verdt å merke seg at det er stort sett i Hellas, FN-generalforsamlinga og i Melodi Grand Prix at forkortinga vert brukt i praksis.
FYROM I MELODI GRAND PRIX: Elena Risteska deltok i 2006 med songen Ninanajna, og kom på ein heiderleg 12 plass i den internasjonale finalen. Dei makedonske artistane har i melodikonkurransen formelt delteke for FYROM.
Foto: BORIS GRDANOSKI / APEin skulle tru at Hellas med sine økonomiske kriser har hatt viktigare saker på agendaen. Men landet har dei siste 27 åra brukt mykje energi på å hindre at Makedonia kallar seg Makedonia.
Hellas har vetomakt i Nato og EU, og har brukt denne som brekkstong i forhandlingane.
«Det makedonske spørsmålet»
Eit uavhengig Makedonia i 1991 opna opp for omkamp blant landa som gjorde krav på makedonsk land, identitet og kultur under balkankrigane i 1912–13.
«Det makedonske spørsmålet» vart på nytt aktuelt.
For det første gjorde Bulgaria krav på språket, det var jo berre ei bulgarsk dialekt meinte dei, og byrja dele ut pass straks dei vart EU medlem. Makedonske statsleiarar svarte med å ta med seg tolk når dei besøkte Bulgaria.
For det andre sende Serbia ein biskop og hevda at den ortodokse kyrkja opphavleg var serbisk. Makedonarane spøkte bittert at denne biskopen var einaste utanlandske investeringa det fattige landet hadde klart å lokke til seg.
SERBISK BISKOP I RETTEN: Den serbisk-ortodokse biskopen Zoran Vraniskovski, blir eskortert av politi inn til eit rettsmøte i byen Veles i 2005. Han vart fengsla for å «piske opp religiøst hat» og for svindel. Makedonske styremakter fekk kritikk frå menneskerettsorganisasjonar for behandlinga av Vraniskovski.
Foto: BORIS GRDANOSKI / ApFor det tredje oppretta FN noko så uvanleg som ein preventiv fredsmisjon i Makedonia på 90-talet, UNPREDEP, for å hindre at konflikten i Kosovo spreidde seg dit. Det var berre delvis vellukka.
FLYKTNINGKRISA 1999: Kosovoalbanske flyktningar ventar på å sleppe inn i Makedonia. Når Milosevic-regimet byrja reinse Kosovo for etniske albanarar, oppstod det digre flyktningleirar i Makedonia, som vart ei stor økonomisk og politisk belastning.
Foto: ERIC DRAPER / APKAMPAR I TETOVO 2001: Det vart til slutt krig i Makedonia, men heldigvis kortvarig.
Foto: GORAN TOMASEVIC / REUTERSEi albansk-makedonsk geriljagruppe starta ein kort krig rundt årtusenskifte, som enda med ein avtale som gjev albanske kommunar noko sjølvstyre, og albansk språk vart offisielt språk i heile Makedonia.
ALBANSK GERILJA: Geriljaleiar Ali Ahmeti (nummer tre frå venstre) erklærer i 2001 at han vil legge frå seg uniforma og bli politikar.
Foto: PETR JOSEK / REUTERSMidt opp i dette raste namnestriden med Hellas. Grekarane gjorde krav på både namn og flagg. Flagget vart motvillig endra, men namnediskusjonane drog ut.
GRESK-ORTODOKS PROTEST: Prestar demonstrerer i Aten mot at republikken Makedonia kallar seg nettopp det i februar i år.
Foto: COSTAS BALTAS / ReutersKva skulle omgrepet innehalde? Geografi, folk, kultur og historie?
Og som ein gresk utanriksminister sa, vi skulle gjerne kalla landet «Skopje», men vi treng kanskje noko meir «catchy?»
Hellas utanriksminister Dora Bakoyannis (2006–2009) drodlar namn med ein britisk journalist i Bucuresti 2008.
Ein grå og forsiktig amerikanar, Matthew Nimetz, fekk jobben med å file på namneforslaga.
BBC kalla han berre mannen som har fokusert på eit ord i over 20 år.
VERDAS MEST TOLMODIGE DIPLOMAT? Matthew Nimitz har sidan 1999 prøvd å finne eit namnekompromiss.
Foto: OGNEN TEOFILOVSKI / ReutersGresk NATO-veto i Bucuresti
George W. Bush tende i 2008 eit nytt håp for makedonarane. Amerikansk UD byrja bruke Makedonia i daglegtale, og Condoleezza Rice førebudde NATO-invitasjon til Makedonia, Kroatia og Albania under NATO-toppmøtet i Bucuresti.
Slik skulle det ikkje gå. I siste liten la Hellas ned veto, og den makedonske delegasjonen storma ut av Folkets palass. President George W. Bush var tydeleg irritert.
– Denne namnestriden må vi løyse så raskt som råd, sa Bush.
TRØYSTANDE ORD I BUCURESTI: George W. Bush snakkar med Makedonias president Branko Cervenkovski (sosialdemokrat), og statsminister Nikola Gruevski (konservativ) etter det greske vetoet under NATO-toppmøtet i 2008.
Foto: POOL / REUTERSDet hadde nesten blitt automatikk i at Nato-land også vart EU-medlem. No blokkerte Hellas begge deler.
Og det byrja å skje merkelege ting i makedonsk politikk. Prinsebesøket frå Pakistan var berre starten. Flyplassar, motorvegar, ja heile Skopje sentrum vart døypt om til Fillip og Aleksander.
Politikarane byrja spele på nasjonalisme.
STATUEKRIGEN ER I GANG: I 2011 kom denne ridande herren på plass i Skopje sentrum. Den hadde ikkje offisielt namnet Aleksander den Store, men Hellas var like fullt grundig provosert. Etter kvart kom det hundrevis av historiske statuar på plass i Skopje.
Foto: ROBERT ATANASOVSKI / AfpALEKSANDER DEN STORE I THESSALONIKI: Både grekarar og makedonarar liker å ha den store hærføraren på hest. Men den gordiske knuten om namnet tok det lenger tid å bli samde om.
Foto: SAKIS MITROLIDIS / AFPStatsminister Nikola Gruevski brukte enorme pengesummar på å irritere Hellas. Han forvandla nemleg hovudstaden Skopje til eit slags antikkens Disneyland.
Nytt håp
Etter snart ti år med denne« nasjonsbygginga», som inkluderer ei statue av Winston Churchill på taket av utanriksdepartementet, klarte sosialdemokratane så vidt å ta tilbake makta i fjor, med hjelp av dei etniske albanske partia.
WINSTON CHURCHILL PÅ SOKKEL: Skulptørane fekk frie hender til å lage ei rekke statuar frå makedonsk og internasjonal historie. Winston Churchill gjer V teiknet på taket av utanriksdepartementet.
Foto: Darko Vojinovic / ApEU, og USA hadde lenge sett med uro på russisk innblanding på Balkan. Og dei såg med uro på flørtinga med den illiberale retorikken vi kjenner frå Ungarn og Polen.
Makedonia var eit svakt punkt i Europa, som Putin kunne utnytte. Og det på grunn av krangel over eit namn.
Og i ein lekka etterretningsrapport kjem det fram at Russland har spreidd propaganda og uro i Makedonia sidan nettopp det skjebnesvangre året 2008.
FØR: Slik såg sentrum ut før den store fornyinga med statuar og marmordekte offentlege bygg.
Foto: Roger Sevrin Bruland / NRKETTER: Ungar leiker i fontena i sentrum, nye praktbygg skaut opp, dekt av marmor og dekorert med statuar og fontener.
Foto: ROBERT ATANASOVSKI / Afp– Banalt
Den politiske analytikaren Harald Schenker fortalde på telefon frå Skopje at han synest namnestriden er noko av det meir banale internasjonale problemet i verda i dag.
Schenker har brukt store delar av sitt vaksne liv som politisk konsulent i Skopje for OSSE og EU-kommisjonen.
– Akkurat no følast det litt uverkeleg at dei to statsministrane har skrive under på ein avtale, fortel han til NRK. – Eg forstår det reint intellektuelt, men sidan dette er Balkan, ventar eg berre på at noko skal gå gale ikkje sant?
ER OPTIMIST: den politiske analytikaren Harald Schenker understrekar at avtalen er eit gigantisk gjennombrot.
Foto: privatSchenker til NRK: – Treng stort internasjonalt press
No skal ein ha folkeavstemming og grunnlovsendring i nasjonalforsamlinga. Det er det som blir vanskeleg, fortel han.
– Eg håpar opposisjonen berre gjev retorisk motstand, men ikkje mobiliserer partiapparatet sitt for å yte reell motstand, sa Schenker til NRK.
Han fortel mange makedonarar rett og slett er lei heile striden og berre vil ha ei løysing. Det handlar berre om å legge press på dei rette aktørane. Schenker får støtte av Carl Bildt på Twitter.
Hellas må ratifisere avtalen
På gresk side er det like stor motstand. Opposisjonen vil reise mistillitsforslag mot statsminister Aleksis Tsipras. Også regjeringspartnaren til Tsipras er i mot avtalen.
Men Shcenker er optimist, det må ein kanskje vere viss ein arbeider med politikk i Makedonia:
– Hugs dette er antinasjonalistiske tonar på Balkan, det er ein enorm prestasjon som vi må ta vare på.
– Men eg vedgår det følast som om eg har stanga hovudet i ein murvegg veldig lenge.
UTSTREKTE HENDER: Statsministrane for Makedonia (snart Nord-Makedonia), og Hellas møtes ved Prespa-innsjøen som er delt mellom dei to landa. Avtalen er eit enormt gjennombrot, men den må framleis bli ratifisert i begge land.
Foto: ALKIS KONSTANTINIDIS / ReutersSchenker viser til at avtalen stipulerer at det skal bli sett ned ein historisk kommisjon som skal diskutere historiske spørsmål.
Den makedonske regjeringa har allereie gjort nokre små grep for å vise sin gode vilje. Dei har til dømes teke namnet Aleksander den store av flyplassen.
IKKJE LENGER ALEKSANDER DEN STORE FLYPLASS: Skopje internasjonale flyplass heiter igjen Petrovec.
Foto: OGNEN TEOFILOVSKI / ReutersEi samling tidlegare statsmenn, diplomatar og intellektuelle, som kallar seg Ohrid-gruppa, driv no lobbyverksemd i begge land for avtalen. Blant medlemmene er tidlegare FN-utsending til Makedonia Carl Bildt og dei tidlegare NATO-generalsekretærane Javier Solana og lord Robertson. Truleg har gruppa også arbeidd i kulissane for å forme ut avtalen som ein no kjempar for å få ratifisert i begge land.