Hopp til innhold

Difor kan Boko Haram herje i Nigeria

Nigeria er det mest folkerike landet og den største økonomien i Afrika. Likevel klarer ikkje landets hær å nedkjempe terrorgruppa Boko Haram. Her er fem moglege årsaker.

Stillbilde fra Boko Haram-video 31. oktober 2014

Eit stillbilde frå ein video som Boko Haram publiserte i oktober i fjor viser leiinga av gruppa, med Abubakar Shekau i spissen. Nigeria har til no mislukkast med å stoppe gruppa.

Foto: Afp

Terrorgruppa Boko Haram bringar inga lykke til president Goodluck Jonathan sin kamp for å bli velt om att som president i Nigeria. Krigen nord i landet er derimot ei veksande verkebylle for Nigerias regjering.

I dag besøkte president Jonathan den nordlege provinshovudstaden Maiduguri, for første gong sidan mars 2013. Han hadde også planlagd å besøke byen Chibok, men planane vart endra av tryggingsårsaker. Chibok er byen der Boko Haram kidnappa meir enn 200 skulejenter i fjor.

Dei siste vekene har det også kome skremmande forteljingar frå byen Baga ved Tsjadsjøen, og småjenter har blitt brukte som sjølvmordsbombarar. Sidan 2009 skal minst 13.000 menneske vere drepne, og over 1,5 millionar er drivne på flukt.

Likevel har ikkje Nigeria klart å stoppe islamistgruppa, som stadig tek fleire liv. Det kan det ifølgje ekspertane vere ulike grunner til.

NIGERIA-VOTE-CAMPAIGN

Det er valkamp i Nigeria. President Goodluck Jonathan, nærast, stiller til attval. Her er også plakat av motkandidat Mohammadu Buhari.

Foto: PIUS UTOMI EKPEI / Afp

1. Mangel på militærutstyr og soldatar

Nigerianske soldatar har gong på gong klaga på utstyret sitt. I mange tilfelle er våpena utdaterte og dårlege samanlikna med våpena til Boko Haram.

I november i fjor gjekk Nigerias USA-ambassadør ut og skulda USA for å ikkje ville selje dei våpen. Han sa samstundes at Boko Haram ville vore nedkjempa for lenge sidan, om berre USA hadde selt våpen til Nigeria.

Fleire meiner også at talet på soldatar er altfor lågt. Det er bruk for 200.000 soldatar, og ikkje berre 30-40.000, slik som no, meiner Andrew Noakes ifølgje Al Jazeera. Han forskar på tryggleik i Nigeria for «Nigeria Security Network».

NIGERIA-UNREST-RELIGION

Mange har blitt drepne i bombeangrep i Nigeria, her frå Postikum på søndag.

Foto: AMINU ABUBAKAR / Afp

2. Assymetrisk krigføring

Boko Haram opptrer som ei geriljagruppe, som driv ein form for krigføring som er vanskeleg å kjempe mot. Det er vanskeleg, av og til umogleg å føreseie kor gruppa vil angripe. Bruken av terror gjer det også vanskeleg for Nigeria å svare med same mynt.

Boko Haram sine soldatar kjenner også terrenget i Nord-Nigeria godt, og har ofte betre innsikt i lokale tilhøve enn det Nigeria sjølve har.

NIGERIA-UNREST-KIDNAPPING

I landsbyen Chibok har mange protestert mot Nigerias styresmakter. Dei er misnøgde med at over 200 jenter framleis er kidnappa av Boko Haram.

Foto: STR / Afp

3. Manglande politisk vilje

Nigeria er i stor grad eit delt land. I sør er fleirtalet kristne, medan muslimane er i fleirtal i nord. Dette skaper eit skilje som går på tvers av landet.

Landet, som har over 150 millionar innbyggjarar, er også ein føderalstat, med 36 ulike regionar. Mykje politisk makt ligg hos dei regionale styresmaktene, og det er difor vanskeleg for dei nasjonale styresmaktene å gjennomføre politikk enkelt og effektivt.

Fleire meiner regjeringa og president Jonathan ikkje er interesserte nok i å finne ei løysing. Så lenge gruppa berre herjar i Nord-Nigeria er ikkje motivasjonen stor nok til at regjeringa vil stoppe gruppa, meiner fleire. Presidenten vert også kritisert for å ikkje snakke nok om utfordringane.

4. Misnøye, fattigdom og korrupsjon

Mange i nord føler seg neglisjerte og gløymde av styresmaktene sør i landet. Fattigdommen er stor, og skilnaden på fattig og rik likeins.

Misnøya blant folket bidreg til at Boko Haram får ei viss støtte i folket. I tillegg klarer gruppa å rekruttere på grunn av religiøse og økonomiske grunner.

Nigeria slit også med korrupsjon, også innanfor militæret. Pengar kjem ikkje alltid fram dit dei er meint å vere, og politiske vedtak kan vere vanskelege å få sett ut i live.

NIGERIA-UNREST-CHIBOK-FILES

Abubakar Shekau er Boko Harams leiar, og tyr ofte til ein valdeleg retorikk i videoane gruppa publiserer på nettet.

Foto: - / Afp

5. Handa og vepsebolet

Boko Haram var i utgangspunktet ei gruppe som tok i bruk fredelege middel, og dei hadde både ein moské og islamsk skule i byen Maiduguri.

Men etter at gruppa kom på kant med styresmaktene vart hovudkvarteret deira storma av politiet i 2009. Sidan den gong har gruppa drive ein væpna kamp mot styresmaktene og «vestleg utdanning», og deira herjingar har blitt stadig verre.

I ettertid har Nigeria blitt kritisert for fleire av sine anti-terror-operasjonar som berre skal ha gjort vondt om til verre. Nigeria har stukke handa inn i eit vepsebol som vert stadig vanskelegare å kome seg ut av. No meiner ekspertar at Nigeria må vere forsiktige, slik at ikkje deira krig mot Boko Haram fører til auka forakt, og meir støtte til gruppa.

– Regjeringa set pris på kvar einaste nigerianar

Styresmaktene i Nigeria har fleire gonger sagt at dei bryr seg om situasjonen i nord, og at dei vil gjere sitt for å få ein slutt på Boko Harams herjingar. Dei seier at dei har trappa opp sin innsats den siste veka, og at alle menneske i Nigeria betyr noko for styresmaktene.

– Regjeringa set pris på kvar einaste by, kvart einaste lokalsamfunn og kvar einaste nigerianar. Ikkje ein tomme av Nigerias jord vil bli verande i desse terroristane sine hender, forsikra talsmann for styresmaktene Mike Omeri før helga.

SISTE NYTT

Siste nytt